mandag 16. mars 2015

Sesongstart!


   
Med vårstemning i lufta kasta eg meg rundt å fekk av preseningen søndag kveld i mørket, resten av førebuingane gjorde eg mandag etter jobb før det bar til sjøs, ikkje spesielt førebudd, men veldig klar. 

Runda Otterøya og under Spissøybrua og heim, mørkt når eg va vel fortødd igjen. Turen starta i perfekt vårver!

Nedover vart det tid litt nudlar, men det minner meg om at autopiloten må i drift snarast for her var det mykje sikksakk seiling medan maten sto på kok...

Det auka jevnt på frå øst når sola rann og under Stordbrua målet det 10-11 ms, det var bitkaldt, men deilig også. Utan autopilot var det nyttelaust å få på tjukkegenseren så småkjølig vart det.
Det var derfor umåtelig godt å krype under dekk til god temperatur og varm kaffi etter endt seilas! Det er noko heilt eget med fyrste turen:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar