Flott ver, når skodda endelig letta. Kjekt å få med fruen og yngstemann på eit lite strandhugg etter litt halvhjerta fisking først!
Med medbrakt ved var pølsebålet sikra🤩
Flott ver, når skodda endelig letta. Kjekt å få med fruen og yngstemann på eit lite strandhugg etter litt halvhjerta fisking først!
Med medbrakt ved var pølsebålet sikra🤩
I Januar sa landstrømladeren takk for seg. Mistenker at eit ødelagt forbruksbatteri og/eller stort spenningsfall i havna på grunn av ein brent fase i sprengkulden er årsaken, men, men. Det var berre å bite i det sure eple å kjøpe ny Defa lader. Plug and Play sidan heile landstrømsanlegget er Defa, var ein stor fordel. Dyre ladere, men dei kjem med galvanisk skille, noko som er flott og gir mindre tæring!
I vinter byrja også baugpropellen også å tulle, eg syns alltid den har virka svak og i vinter såg eg kor mykje det blinka i lysene når den var i bruk i mørke! Til slutt kobla den berre inn nokre sek før den «kobla ut», dvs knapt hadde effekt. Det var dermed dags for å finne ut kva som var feil.
No var nok opprinnelig problem at forrige eier hadde putta nedi noko beist av nåken gml solcellebatteri. Proff batteri skulle det vere, men dei gav neppe nok strøm til baugpropell, sikkert flott til resten av forbruket, men som ein ser, det eine var sprukke!!! Flaks eg oppdaga det då eg ikkje hadde sett det før dei vart tatt ut
Ideen om Litium slo eg frå meg når eg byrja å studere utfordringane rundt dette. Når baugpropellen står på forbruk får ein ikkje berre problem med lading, men også at Litum batterien ikkje kan gi nok straum. I tillegg til utfordringene er dei fortsatt mykje dyrare også. AGM kjøpte eg til seilbåten og dei holdt i berre 4 år med svært forsiktig bruk så eg valgte 3* Sønnak ER550 115 ah ordinære blybatteri denne gangen, godt hjuloe av 1.500 pr stk hos THansen. Me ligg sjelden lenge på samme stad og har 150 watt solceller som gir overraskande bra med påfyll.
Dette er dual batteri som både skal kunne brukast på start og forbruk. Med 3 slike får me dermed mykje straum til baugpropellen sjølv om det er langt strekk då NB ikkje har opplegg med eget batteri ved baugpropellen. Det vart utfordrande å få på alle ledningene som skulle på, men det gjekk greit og no er det som om me har fått dobbelt så sotr baugpropell, veldig fornøyd!!
Det er aldri så stille som når det er fint vèr på vinteren. Eg kjenne draget mot sjøen når eg sitt med frokosten og ser utover sjøen som ligg som ett speil!!
Derfor var det berre å få gjort litt jobb først og så husarbeidet, litt stress for å komme seg avgårde, men det er rein terapi å gjere strandhugg og få lest litt i «båtboka»!
No har me verkelig fått sansen for å komme oss på sjøen på vinteren. Søndagen varta opp med nesten vindstille ifht i går så prøvde oss igjen med litt vinterfiske. Me gjekk til Valebrotet denne gongen, der er det minst 70 meter djupt og me måtte innsjå at me ikkje har rett utstyr til slikt fiske. Sjukt med strøm, me rek sørover med godt over 2 knop. Innser at sluregir hadde vore topp å hatt under slike forhold. Ikkje napp der
Ved Otterøya var det litt bedre, men ikkje rare fangsten. Dessverre søm det no ein ein-auga banditt av ein sei rundt med Otterøya, dette var einaste som hang på når pilken kom over ripa!!
Me fekk til slutt 2 småpale, (sei) som me kunne gi krabbane i krabbahuset me har i havna.
Veldig kjekt å få lest litt Cliver Cussler igjen, denne boka skal lesast i båten så dette var nok ikkje siste turen i vinter:)
Etter turen for 14 dagar sidan har me ikkje brukt båten. Forrig helg var me på ski på fjellet, men sidan det var program for fruen denne helga vart me heime. Eg og yngstmann tok oss ein fisketur, utanfor Otterøya og fangsten vart veldig bra.
Vel i havn traff me ein seilerkollegas som vart veldig glad for den store lyren me fekk, vinn-vinn sidan eg er absolutt mest glad i å fiske fisken, tilberedelese er eg dessverre ikkje like god på så å gi bort fisken var heilt topp:)
Me har fått oss heilårsbåt og det har me tenkt å nytte oss av. Iallefall nokon av oss i familien. Det er utrulig fint på sjøen om vinteren, men med seilbåten har det blitt for mye styr og slittasje å ha på seil og ha båten seilklar, men motorbåtane ligg på sjø heile året her vestpå og ingenting er bedre enn å bruke båtane jenvlig.
Når fjellturen vart avlyst kasta derfor eg og yngstemann oss i båten og gjekk til Sæbøvik på Halsnøy. Der har me ikkje vore etter at det kom ei flott gjesthavn. Raskt svar på Facebook sida fekk med om at det var straum, men ikkje vatn. Eg hadde tømte tanken for vatn i båten, men heldigvis var ikkje vatnet stengt for vinteren i havna så me fekk fylt på litt og la avgårde.
Kjempeflott ver lørdag og rett før det vart mørkt seig me inn i havna på Sæbøvik, naturlig nok som einaste gjest. Middag kjøpte meg på Siris Taimat og med god varme i båten og Maskorama på TVen og Clive Cussler bok vart dette eit fint avbrudd frå kvardagen. Yngstemann elskar å overnatte i båt, planen var at me skulle fiske på tur heim, men da hadde det tatt seg opp til 8-10 ms sørlig og dermed bare det rett over fjorden med sjøen på låringa. Eg har ikkje fått prøvd 870en i nok særlig sjø enda, men eg syns den imponerte i den rotete sjøen over til Skjersholmane, mykje straumsjø, men me holdt jevnt 16-17 knop med god sjø på låringa uten at me ein gong måtte ned i fart!
Eg ser at målet om å blogge litt for kvar tur slik at dette fungerte som ei loggbok ikkje har skjedd på lenge så me får heller ta litt oppsummering:)
Det har blitt ganske bra med seiling i år, med gode resultat, nr 1 eller 2 på Tirsdagsseilasane og Stord Meister i vårt lokale Meisterskap var stas! Ekstra kjekt at eg fekk med minstemann Ola på 12 på
fredagens baneseilas, han syns det var bra flaut å komme i avisa!!:)
Men før dette var det jo både forsommer og sommerferie. NBen har mest blitt brukt til helgeturer til Eggøyo, veldig fornøyd med båten som kombi båt, god nok plass til at den er fin ikkje berre som sovebåt, men også å oppholde seg i og ha besøk i!
Til og med heimekontor fungerer fint her, i det nydelige vèret som var på forsommeren kunne eg ikkje alltid sitte på kontoret og sjå ut på det fantastiske båtvèret!
Sommaren gjekk berre til Bergen og heim igjen, men ei fin veke med der me både var på Eggøyo og så innom Møkster, Bjorøy for å besøke venner og så nokre dagar i Bergen. Låg i gjestehavna på Laksevåg denne gangen og det var veldig rolig og behagelig ifht det me er vant med i Bergen!
Mykje flott ver i 2020, med unntak av ferien sjølvsagt! Då er det kjekt med heilårsbåt så egentlig ikkje noko stress for min del, med tenåringer i huset så blir det uansett ikkje dei store ekspedisjonane dei kommande årene med båten, men heller nokre dagar ute og så heim nokre dagar!
Siste på båtfronten er helgas bytte av ungdomsbåt fra GH11 til GH14S. Med den fiskeinteressen den yngste har no gjekk det ikkje med berre GH11. Den nye er eit kompromiss, blir interessa enda større så må me kanskje opp på ein Sting/Øien, men slikt er ikkje billig så først får me prøve denne 14 fotaren litt!