torsdag 28. mars 2024

Båtpåske


Me har alltid vore på fjellet i påsken, men i år vart det mest fornuftig å utleige av leiligheten då det ikkje var mange dagane me kunne brukt den saman uansett.

Med fruen på jobb frista det veldig å bruke båten igjen. Søndag bar det derfor avgårde til Eggøya saman med familie.


Men det er jo alltid nokre jern i ilden så med medhjelparar ombord tok eg regattabåten på slep og la den igjen i Sagvåg hos Åsheim Slipp. Satsar på at det blir tid til å gjere vårpussen i påsken.




Det er tidlig enda, frost på dekk og litt snøbyger eine dagen, men det er uansett varmt og godt i båten. Eg kunne jo budd i husa på Eggøya, men det skjer aldri, eg søv alltid i båten.


Ein tur til "Varden", toppen på Eggøya må jo alltid til. Flott utsikt og godt med litt puls innimellom alt påskesnopet!

Onsdag vart det endelig ein dagstur med heile familien, men eg måtte innover tirsdag for diverse ærende så dermed vart det overnatting på Smedholmen til onsdag. Flott plass som tross mars var ganske full. 

Eg gjekk derfor å austida, der det er ein flott bay, men brygga er dårleg og eg er usikker på fortøyningene. Det blås opp om natta så dermed vart det litt dårlig søvn. Om morgonen før henting av familien oppdaga eg at det var ganske så grisete av alle saugene som får fore sitt på land, rett ved brygga. Sikkert derfor det var ledig:)

Det er veldig viktig på øyane å ha sauger som held vegetasjonen nede, men her vart det litt voldsomt, rett og slett...

Her hadde det vore god plass til lenger brygger slik at fleire kunne ligge på denne plassen. Me har gått forbi mange gonger, men det er alltid båtar her. Me har også stoppa her og lagt på svai og bada.. Følg godt med i kartet hvis du går inn her...


Det vart seint onsdag kveld før eg skyssa familien tilbake til Fitjar så dermed vart det nok ein gong overnatting på Smedholmen. No var det fult over alt så eg la meg på den store trekaien, rimelig åpnet for bølger og vind, men det var meldt løying utover natta og lite trafikk på skjærtorsdag så det gjekk fint.

Vel, skjærtorsdag i dag og eg må heimover, men 8 overnattingsdøgn i mars er jo rekord så til de grader, fint ver, tidlig vårpuss og mykje utleige på fjellet gir muligheter...



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar