lørdag 4. november 2000

Viksund 850 Combi

Når det gjeld båtkjøp er eg nok kjend som handlingens mann. Før me flytta hadde eg oppdaga den litt rare Viksunden som nettopp hadde komme på markedet. Styrhuset på eine sida, men fortsatt ein ganske ok turbåt, flott gangveg til baugen var jo fint for småttisar... 

Eg fekk lokka June med på ein tur når det dukka opp ein brukt i Tønsberg. Selgar var litt spesiell, bunnstoffet var i fleire fargar og eg trur aldri den hadde blitt vaska. Båten gav ikkje noko godt inntrykk, til tross for at den berre var 1,5 år. Prisantydningen på 950.000 var jo langt over det me burde bruke på båt også. Vanlige folk hadde lagt eit slikt prosjekt dødt, men eg kom på den dumme ideen å gi eit skikkelig skambud, uten å sjekke med June. Nypris var over 1 mNOK, tanken var at med litt polering og vask og stoffing i samme farge så ville båten sjå ut som ny. Mailen med budet på 750.000 vart sendt, ingen respons. Eg gløymte heile greiene og det gjekk fleire veker før det plutselig dukka opp eit svar. 780.000 så er båten din!!! 

Knallharde forhandlinger på heimebane stod for tur før klarsignal vart gitt, båten vart kjøpt og sommaren 2005 brukte med noko av ferien til å gå båten til Vestlandet. Me hadde kjøpt oss altfor dyr båt, men det vart likvel ein flott sommar, turen heim hugsar me enda, med Amund på 2 år som sprang fram og tilbake i salongen til han sovna:) Flott ver og late dagar langs Sørlandet, gjennom blindleia, stopp i Kristiansand med obligatorisk besøk i Dyreparken. Litt friskt vart det frå Egersund og rundt Jærens rev, men i mot sjø var Viksunden god.

Huskjøp vart siste spikeren i kista for Viksunden, dyr var den og ikkje minst. Oppussing av hus i kombinasjon med dyr båt ein hadde lite tid til å bruk var ein dårleg kombo.

Allerede i 2006 vart det derfor klart at me måtte bytta oss nedover igjen... Handlingens mann slo til igjen, "Viksund 850 Combi, byttes i mindre båt". Omtrendt slik lød annonsen. Ein artig kar frå Sandnes dukka opp på telefonen, eg var febersjuk og for ein gongsskuld ikkje heilt i fyr og flamme. Han ville bytta ein Yamarin 7400 med 165 hk Yamaha diesel med drev. 350.000 i mellom var allerde ein god pris, 950.000 prøvde me å få for Viksunden, men tanken var nok at me var veldig glad om me fekk pengane igjen, derfor var det fristande med 350.000 og ein båt til verdi rundt 500.000, likevel drøya det litt, Sandesingen gjekk opp til 400.000 for denne Viksunden ville han ha. Då vart det for god deal og me takka ja. 

Eg og pappa gjekk ned til Sandnes med Viksunden og tok Yamarinen heim, ein veldig kjekk liten båt...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar