400.000 gjorde godt på konto i oppussingstider og båten var lynrask til Eggøyo og rundt forbi, men sjølvsagt ikkje spesielt stor til turbruk. Den mest hektiske perioden med oppussing tok slutt og tanken på ein skikkelig turbåt igjen slo rot, men Viksunden sitt heftige dieselforbruk gjorde at tanken på seilbåt kom tilbake.
Hanse lanserte i denne perioden 320 og 350. Handlingens mann kasta seg på telefonen og fekk tilbud om å reise til Orust på lanseringa, kjøpte eg båt dekka dei reisekostnaden. Handlingensmann er også litt lettlurt, for ja, det var kanskje ikkje overraskande at båten falt i smak på Orust, knallharde forhandlinger både med båtforhandlar og på heimebane og vipps, ein heilt ny Hanse 350 var bestilt...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar