mandag 24. januar 2011

Moing og lufttørkar...




Hektisk januar gjer at båten ligg i ro, i går var det mulighetar for seilas, men konsernsamling satte ein effektiv stoppar for det. På kvelden vart det likevel tid til start av motor og alt anna utstyr i båten slik eg er opptatt av å gjere jevnleg... Beslag til teakbordet ute er no komme, ein rask sjekk på dette i går tydar på at monteringa bør gå rimelig greit.

Sidan varmluftsvifta har byrja å lage mystiske lydar har eg no valgt å gå over til lufttørkar av denne typen:

Det skal bli interessant å prøve ut denne, med puter, seil og anna i båten trur eg dette er den einaste fornuftige løysinga. Eg har forhåpningar til at denne kan vere ombord på tur også slik at kanskje utfordringa med fuktige dyner vert løyst, det vil i såfall heve opplevelsen av komfort. Knusktørre dyne når det pøsregnar ute er ikkje lett å få til...
Erfaringa etter to dagar er veldig gode, den trekk fukt som berre det (jepp, alle luker og anna er tetta igjen slik at den ikkje drar inn fukt utanfrå i større grad, litt må ein nok regne med). Frost er eit lite problem i båt, motoren vil på vestlandet aldri fryse når den ligg på sjøen, då skal det vere ekstremt kaldt over lang tid, pt er det ganske jevnt 4+ i motorrommet sjølv om eg ikkje har varme der. Ca 3 grader i båten, auka med 1 grad då eg satte på lufttørkaren, lufta vert varma litt opp i prosessen...


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar