søndag 13. februar 2011

Årets fyrste tur!

Flott vèr laurdag gjorde at eg la inn ein seiltur på ettermiddagen. Litt trekk i starten gjorde at eg såg 6,5 knop på kryssen før det løya. Svippa innom Leirvik før eg sette kursen heimover igjen i lett medvind frå nord-aust og i det eg satte kursen ut frå Leirvik havn, kom det SMS frå Leif Rune: "Hanse eigara er ikkje som andre seilbåteigara". Det var den andre Hansebåten den dagen. Den fyrste var nok Apollo (Hanse 470e) som eg møtte utanfor Kjøtteinståa tidlegare:)

Ein flott tur der trikset om å ta boblejakken utanpå seilerjakken vart prøvd med stor suksess, skal slike turar bli trivelege er det viktig å ha det varmt og godt! Kaffi og Torokoppen er sjølvsagt obligatorisk, dette var den siste TORO boksen så her må lageret fyllast opp:)










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar