mandag 18. april 2011

Treningssamling!

Palmesøndagen vart satt av til treningssamling på Eldøyane samen med Karl Otto Book. Dette vart veldig bra og lærerikt. Trening vert det jo nesten ingenting av så dette var kjærkomment, kanskje lagar me til dette som ein årleg sak slik mange andre seilforeningar har det i april. Me lærte mykje og fekk sårt tiltrengt trening på startar, rundingar, setting og berging av gennaker og jibbing. Det var utrulig kor bra fart Karl Otto fekk på båten med gennakeren uten strømpe. Antakelig var det mest måten han kjørte den på, han fekk båten til å gå fort på låge kursar på ein heilt anna måte enn me har klart sjølv. Han kjørte båten opp og ned heile tida i kombinasjon med konstant trimming av gennakerskjøte. Videre har han stor tur på innhalsfunksjon til fokka som den selgaren han også er, men det løyser også klusset me i dag har med skjøte som kjem i konflikt med vanta så her vert det investert i ny løysing og om garantiane om 1-2 grader betre høyde så har me nokre båtlengder å hente framfor ny sesong.






Foto: Trond Taraldsøy

Foto: Trond Taraldsøy

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar