torsdag 14. april 2011

40-årskrise?

Ja, det er vel ikkje langt unna iallefall når ein på +39 kjøper seilbrett for å ta opp interessa frå tenåra. Etter at dei nye bretta som er mykje, mykje meir lettseilt, kom på marknaden tidleg på 2000 tallet har eg tenkt på dette, men det måtte eit par pils til på Frugård med ein god nabo før Knappane og Krokane Fjølseglarlag såg dagens lys, brettet er sameige altså.


I går gjekk turen til Askøy for henting av eit godt brukt Mistral N`Trance med 2 riggar, barnerigg på 3,7 og voksenrigg på 5,0. Blir dette så moro som eg håpar er eg nok i marknaden etter 7.0 eller deromkring før sommarferien... Våtdrakt for kaldt vatn kjem i posten ein av dagen, då er det dags...


Ikkje reint lite 80-tall å ha surra brett på taket, for låge bøylar gjorde at det til og med måtte ligge med smørsida opp...








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar