lørdag 24. februar 1990

Prosjekt - NB32 - Ny hekktrøster og eget baugpropell batteri med dc/dc lader

På vår 32 er det ettermontert av firma ein EX40 som hekktrøster. Ein utrulig dyr og dårleg løsning. Det var ulyd ved kjøp og no har den havarert heilt. Like greit for dette er ikkje brukandes på ein så stor båt.

Eg har derfor gått til innkjøp av tunnel og SE60 trøster, samme type som framme. Her kjem status på prosjektet, i skrivande stund er ingenting gjort, berre planlegging og ny trøster med utstyr er sendt i dag frå Seatronic.

Det er egentlig ganske mange ting som skal vurderast, også i ein båt som  har dette frå før. Her kjem litt i stikkordsform det eg har vurdert og kva eg har konkludert med.

Utanpåliggande eller tunnell?

I båtar der det går ann å montere tunnell på fornuftigvis som i 32en er eg ikkje i tvil, det er ca halv pris for SE60 vs SX50, tallene viser skyvekraft, men tunnellen på SE60 aukar forskjellen ytterlegare.I tillegg er jo vår erfaring at når heile enheten ligg under vatn blir levetida kortare.

32en er designa for hekktrøster i tunnell. Til og med Viknes 1030 eigarar seier at det ser veldig bra ut for hekktrøster på 32en. Bilder her av anna 32, men det skal sjå slik ut, dog satsar med på SE60, her er det SE80.



Størrelse på truster?

Båten er normalt mykje tyngre å flytte på bak enn framme, skal du ha ei løysing der båten flyttar seg sidelengst parallelt med brygga så må du har ein mykje sterkare truster bak, men det drar på seg med både ekstra kostnad, vekt og større behov for straum. SE60 kostar 15.000 hos Seatronic og 26.000 for ein SE80. Det gjenstår å sjå om me blir nøgd med effekten, men eg har snakka med eigarar av Viknes 930 som har SE60 og meinar det er meir enn nok. Når det brenn på dass i mykje vind kjem eg sikkert til å sakne større, men no blir det slik... Eg legg heller litt penger i å skaffe nok straum til begge trøsterene, det vert det ofte juksa med og mange har nok meir å hente der enn å berre sette inn større trøstere, spesielt om dei skal gå samtidig.

Straum?

Mange brukar startbatteret til begge trøstere, eg har prøvd ein 870 med dette opplegget, med begge i drift er det nesten ingen effekt igjen. DET har eg tenkt å løyse som følger:

Eg monterer eit AGM Optima 50ah batteri framme med egen Dc/dc lader. Dette opplegget blir adskilt frå resten av straumsystemet, med unntak av lading som berre går ein veg, det sørger dc/dc laderen for. Eg frigir alt spenningstap som i dag er i hovedstrømspakken og med samme truster bak, men med mykje kortare ledninger skal det mykje til at dette ikkje blir ei god løysing. Spent er eg jo likevel:)


Det er jo ikkje lett å finne plass, men med AGM batteri kan desse ligge og dermed meinar eg det skal vere plass under benken. Første plan var på andre sida, men det medføre mange inngrep, her blir det ganske så snygt, eit lasterom mindre, men ikkje noko problem for oss.

Det skal ikkje berre batteri ned i her, det skal også sikring, dc/dc lader 18 amp fra Victron og hovedstraumsbrytar. Sistnevnte har eg tenkt å sette i skapet for lett tilgang samtidig som den blir skjult.

Spesielt strømproblem i NB båtar!

Det manglar ikkje på forskjellige og forvirrande råd rundt måten å gjere dette på, alle velmeinande og antakelig er det fleire vegar til målet her. Mi løysing med eget batteri, adskilt frå resten av straumsystemet med ein Dc/dc lader er, slik eg oppfattar det "best practis" i dei fleste tilfeller.

Ein "artig" problemstilling i NBar er at det bruks eit skillereelle som koblar saman både start og forbruk om spenningen overstig 13.2 volt, fell spenninga til under 12,7 kobles desse frå kvarandre igjen og lading prioriteres på startbatteriet. Veldig smart, heilt til du koblar på kraftkrevande system som drar spenningen ned.

Det som skjer er at når trøster kjøres i meir enn 2-3 sekunder er at spenninga fell så mykje at laderellet koblar frå forbruk og prioritere lading på start. Dette skjer raskt og med ein gong reellet koblar frå forsvinn årsaka til at reellet koblar ut og dermed koblar det inn igjen, spenninga stig fort over 13.2 volt. Det at dette slår inn og ut med store straumstyrkar er ikkje bra, mange opplever at reellet brennes.

Dette problemet forsvinn nok ikkje heilt med mitt opplegg, men i teorien skal hekktrøster med mykje kortare kablar skape vesentlig mindre spenningsfall i ut.punktet. Det går også normalt ann å bruke vett og ikkje kjøre trøstere i 10-20 sekunder i ett som nokon gjer.

Etter ein del fundering har eg vurdert det slik at eg ikkje endrar dette, dvs at hekktrøster overtar heile opplegget til baugtrøsteren ved batteribanken bak, denne kobles altså til forbruksbatteriene, med sikring og hovedstrømsbryter blir felles hovedstrømsbryteren til forbruk. Sistnevnte er ikkje ideelt, men eg har sjekka at denne tåler strømstyrken med god margin. Ved feil på hekktrøster må ein då slå av hovedstrøm til forbruket, ta ut sikring og så vippe opp igjen, så det er ei løysing om noko så usannsynlig skulle skje. Eg kan leve med den løysinga.

Planen er å bruke den tjukke og lange kabelen fra baugtruster til å lage kablar både til baugtrøster som no blir veldig mykje kortare og til hekktrøster, kable er dyrt. Det må legges tynnere kablar fram til dc/dc lader, 16 mm2 anbefales på det strekket me har.

Veldig spent på dette opplegget. Montering av batteri og lader kan gjerast før opptak på land og det samme gjeld det elektriske. Eg har planar enten å få nokon proffe til å sette på alle hylsene slik at eg er 100% sikker på at dette blir bra, det er store strømmer som går gjennom så dette kan ikkje gjerast nøye nok.








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar