Den absolutte hovedgrunnen til at me kjøpte 32en på Ibestad var at den hadde Yanmar sin V8 motor. 8LV. Det var sjølvsagt ingen ulempe at båten bar preg av lite og forsiktig bruk, både innvendig og utvendig, med motor som såg ut som ny.
Problemstillingen med NB32 er at nesten alle er levert med 6LP, 295 hk. Sjølv om mange med denne virkar å vere nøgd er min klare oppfatning at det er for lite i denne båten, spesielt når ein har fylt opp og er klar for tur. Skorgenes brukar 400 i denne no feks.
Eg prøvde ein Nb32 i Stavanger med 8LV-370 og vart imponert over farten, 26,5 knop på fult før vårpuss og ok forbruk iflg måler.

Einaste hake med vår var at denne hadde 320 utgaven og ikkje 370... av 8LV. Men eg var og klar over at motorane fysisk er heilt identiske, så eg rekna med at det skulle gå greit å få den opp til 370.
Vel, alt blir ikkje perfekt så den kamelen måtte eg ete skulle det bli ny båt...
Fart og forbruk har vore det einaste eg ikkje har vore nøgd med på 32en, ellers er det ein herlig båt så no var det på tide å ordne med denne kamelen...
Først gjekk henvendelsen til Yanmar, planen var heile tida å få motoren opp til original 370 og ikkje ein chippa +370 der ingen veit heilt kva som er gjort og kor mykje effekt som er tatt ut


Etter månader med sjekking måtte eg innsjå at å få Yanmar med på dette var berre å gløyme. MEN, dette bildet viser at Yanmar kan hvis dei vil og det viser også at 320 og 370 er akkurat samme motor fysisk. Bildet viser at Yanmar gjorde akkurat denne jobben i 2018 på ein Marex 320.

Uansett om Yanmar hadde godkjent jobben ville det nok fort bikka 100.000 i dag. Ny ECU i Yanmar verden kostar nok fleire nyrer er eg redd. Når dieselfilteret kostar 2.400 så...
Vel, long story short, Raimond Nordnes Røssland på Husnes har utstyr og kompetanse til å endre ECU fil på 8LV. Etter å ha sjekka historikken hans så godt eg kunne gjekk turen over til Sunde for oppgradering til org 370 fil. Han hadde ei 400 hk fil, men eg takka fint nei, dei 8 andre 8LV han hadde justert var alle tatt til 400, den eine til 466 hk!!
Sidan eg insisterete på 370 med originale verdiar, kjøpte han ei 370 fil frå leverandøren av programvaren, sende 320 org fila til leverandøren og fekk tilbake originalfila til min 320, no med 370 verdiar. Det er iallefall slik eg har oppfatte at det vert gjort.
Dette trur eg er så nært du kan kome ein original 370 frå ein 320, utanom Yanmarsystemet.
Eg har alltid vore skeptisk til tuning av motorar, tanken min har alltid vore "kvifor har ikkje motorprodusentane sjølv tatt ut meir effekt om det er heilt trygt" ... Spesielt i båt som går tungt heile tida.
Eg hadde ikkje justert opp ei utgave som eg ikkje visste var eit detuna utgangspunkt med samme deler, altså samme turbo, stempel etc, som den effekten eg har bedt om å få... MEN Raimond har justert 1134 motorer, mange topputgåvere av D4-D6 utan rapport om eit einaste havari så det er nok mykje å gå på før du får havari også på topp utgavene, eit anna poeng er sjølvsagt at fritidsbåtar går svært få timar ifht kva motorane er designa for...

Vel, neste no er sjølvsagt å få prøvd med ny propell, det er fryst då me ser kva effekt dette har gitt.
Problemet er at det er nyrepris på propell også, 37.000 for ein 21*24 Radic S8 som er den som er originalt brukt på 32 med 370. Då går den nysmurt 28 knop, det er 5 knop meir enn vår med 320. Ganske vill forskjell. Denne infoen har eg fått frå han som kjøpte den eg prøvde i Stavanger.
Det er vanskeleg å treffe på propell, 21*24 er samme propell som brukes på Viknes 930 med 370 og det er ein lettare båt så eg er nok redd at 21*24 blir tungt ferdig ferielasta. Eg trur 21*23 hadde vore riktig propell, men sikker er eg ikkje og kjøper du ein propell til 37.000 som er feil, ja då må du leve med den eller få den justert.
Winrace har tilbud om at du kan få justert ein propell om du kjøper feil... inkl i prisen på ny propell...
Vel, eg har no i første omgang tatt ein råsjans på ein heilt ny BT propell eg kom over på finn.no, kr 5.500 for denne er jo ingenting ifht 37.000, den er nok mest sannsynlig for lett, men bedre enn den me har. Det blir nok test med denne no i haust så får me ha den som reservepropell når me kjem over 21*23 Radic S8...







































Først måtte me fylle diesel på Leirvik. Endeleg har det dukka opp eit cruiseskip på havna. Me får håpe dei la igjen mykje pengar.





