Hausten gjekk med til båt søk. Me hadde sirkla oss inn på enten Windy 8600 eller Fjord 815. Windyen var lenge favoritten, men når me skulle på tur til Vestlandet for å sjå på eit fint eksemplar så vart sjølvsagt den båten solgt. Plan B var å kjøre innom Scand Boats for å sjå på ein Fjord 815 som dei hadde tatt i innbytte. I bakhovudet låg det trygge i at dei gav eit års bruktbåt garanti, ein garanti det skulle vise seg at var gull verd.
Båten vart kjøp, me betaltr 350.000 for båten og fekk nytrekte puter og skott for 7000 ekstra. Putene med samme trekk som i ny Scand Baltic 29 var stas og løfta båten mange hakk. Eg og pappa henta båten etter ein påsketur, turen gjekk fint og båten vart flittig brukt.
Sommaren 2024 reiste me til Sørlandet med eit vennepar som også hadde båt. På veg sørover kunne dei rapportere om mykje svart røyk frå båten vår. Motoren gjekk fint, men på siste strekket heim falt turtallet til tomgang ved Drøbak, men kom oss heim på tomgang. Veivhusfilteret var tett, det kokte opp med røyk frå filteret. Nytt filter og motoren gjekk normalt, men det var for mykje røyk herfra. Ekspert vart leigd inn og konklusjonen var gjennomslag, katastrofe... Stemmningen på Sørlandet var ikkje god når eg sendte nedover rapporten og krevde reperasjon. Men tross dårlig stemmning, Tor hos Scand kunne til slutt meddele at dei skulle reparerer motoren om eg leverte den på fabrikken. Motoren gjekk fint, sota, men med nytt veivhusfilter så kom me oss fint ned til sør for Arendal. Me kom ein søndag formiddag når det på ny var bruktbåtmesse på fabrikken. Det var fult med båtar og eg fortøyde midlertidig og tok kontakt med Tor og spurte kvar me kunne fortøye båten. Han var tydeleg irritert over at me faktisk kom nedover med båten, eg fekk eit klart inntrykk av at han ikkje hadde trudd me ville gjere det. På spørsmålet svar han, på klingande sørlandsk, "du kan legge den hvor faen du vil":) '
Det enda med full motoroverhaling, såkalla nullstilt motor så all ære til dei. Mange andre hadde sikkert prøvd å snodd seg unna ansvaret.
I denne perioden hadde tankane på å flytte heimover slått skikkelig rot og vinteren 2004-2005 flytta me til Stord. Båten stod på fabrikken når flyttelasset gjekk. På våren var motoren nyoverhalt og eg fekk ordna med ein lastebil som kjørte den til Stavanger. Eg og pappa var på tur igjen og henta den heim til Stord. Men ein Fjord 815 er ein solskinnsbåt og dermed hadde det kverna litt på om dette var rett båt for vestlandet...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar