søndag 13. desember 2009

Prosjekt 1 - Skjøte i cockpit
















Når me kjøpte båten valgte me bort muligheten for skjøte og løygang i cockpit. Kr. 10.000 i tillegg gjort sitt til dette valget, men også det at det blir mykje tau i cockpit og ein løygang står som kjent alltid i veien i ein båt på tur...

Det vart likevel tidleg klart at me måtte finne ei løysing på problematikken rundt hyttetakskjøte, i hovudsak finn eg fylgjande problem:
  • festepunktet på bommen er svært langt framme med fare for bomhavari ved kraftig broach, drar ein til på vinsjen bøyer bommen seg betydelig!
  • festepunktet gjer det også umulig å få storseilet i nærheten av nok inn i båten
  • festepunktet i hyttetaket gjer at sprayhooden ikkje kan leggast ned under seilas, intelligent løysing Hanse!
  • ref punkt 3 må dermed storseilansvarleg stå med hode inn under sprayhooden og vinsje med blodsmak i kjeften når det står på som verst...
  • det er ikkje mulig å få fornuftig twist i seile eller skjøte det i le i mykje vind

Oppsummert, det er glimrande under familieseilas under enkle og forutsigbare forhold, men løysinga er både for treg i mange tilfeller til å kunne unngå skjære opp i vinden, og ikkje minst det blir for slitsomt over tid å "kjøre storseilet" når ein må stå med krumma nakke innunder sprayhooden uten å sjå ein dritt og vinsje inn og sleppe ut på ordre frå rormannen...

Dette har derfor hatt høg prioritet og er no gjennoført med unntak av festet i bommen som ikkje passa. Det vart likevel anledning for testing i dag. Som ein ser har me valgt ein nedfellbar krok i drøken og ingen løygang. Dermed er familiebehova ivaretatt samtidig som alle punkta over er dekka unntatt siste poeng om trimming. Løysinga er også svært raskt å ta bort og dermed kan me fortsatt kjørt skjøte på hyttetaket med familien ombord. Ei artig bivirkning her er ein ledig spinnlock når skjøte brukes i cockpit, den skal me nok få bruk for...
Det går fortsatt ann å sett på løygang, men seilhåndteringa vert veldig god no og det har vore poenget med denne investeringa... Dessutan går storseilet betydelig lengre inn i båten no, men då vert nok forma noko feil så løygang er det ikkje vanskeleg å sjå behov for, men ein kan ikkje få i både pose og sekk. Ein anna fordel med kroken er at eg no har kunna montere dette noko lengre fram enn om me hadde gått for løygang som må stå bakanfor luka og dermed farleg nær kartplottaren. Det ville då vore heilt nødvendig å remontert kartplottaren...
Vel, dette er eit stort framskritt både for trivsel og prestasjonar i regatta trur eg, og ved rett bruk av kick og kanskje nok dill i heilt lett vind for å få skjøte opp mot lo blir det bra dette!

Løysinga eg vart anbefalt av Karl Otto Book hos Seilmaker Iversen er altså 1:6 utveksling på grovhal med fin hal på 1:12. Etter testing i dag er det klart at finhal er heilt nødvendig på eit såpass stort seil, løysinga virkar veldig bra og heldigvis vart det ikkje ein lyd i dørken. Med laminert innerliner over alt er det jo heilt umulig å komme til for forsterkningar, men når eg borra og det var 5 cm tjukk dørk vart eg ganske rolig på at dette kom til å bli sterkt nok, sjølv om det nok er isolasjon i midten i desse 5 cm... Vel, det vart montert inspeksjonsluke på innsida for å få satt på solide skiver og låsemutrar...
Til slutt må eg jo sei at du får ein følelse av at noko held på å le seg i hel når du går ut av butikken med dette under armen, 5.000 for litt tau og to trehjuls blokker, ei 1 hjuls blokk og to cleats!!! Vel, Seilspesialisten skulle ha 11.250 for det samme, men då med Ronstan... Det verste med prisen til Seilspesialisten var iflg Book det er drit billig... Puh... Seldèn er nok meir enn godt nok for oss...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar