søndag 13. desember 2009

Prosjekt 2 - Varmar

Dyse i cockpit

Heilt sidan me fekk cockpitkalesje har eg tenkt at det måtte vore fint å hatt ei varmedyse ute. Når det er øspøs er det ikkje lett å tørke kler inne i båten, i tillegg er det jo fint å sitte ute sjølv om det er litt fuktig/kaldt. Montering av varmedyse i cockpit er litt problematisk ifht klassifisering (båten skal tåle å ha cockpiten full av sjø) og det ville antakelig ikkje blitt godkjent det eg har laga til no, men det blir meir teoretisk i mine auge. Eg meinar iallefall at løysinga eg har laga til er god nok til vårt bruk. Det er satt inn orginal kvit dyse frå Eber som både tåler varmen og tettar svært god i lukka tilstand. Det er laga svanehals som snur heilt opp under benken akter, i tillegg er det to slangeklemmer på røyret og det er sjølvsagt tetta med sika både på innsida og utsida... Bildet er frå monteringa før dyse og slange er montert.

Effekten av dette er eg svært nøgd med, det kjem svært mykje varme samtidig er det fortsatt bra med varme inne. Sidan dysa tettar så godt kan ein heller ikkje merke forskjell inne om ein stengjer ute. I praksis vil me no kunne bruke cockpiten sjølv om det regnar og/eller er kaldt. I tillegg er det jo gode mulighetar for å få tørka kler og sjølv med ned mot null grader blir det varmt og godt i båten også om luka ut står heilt open, før har me måtte skalke lukene og med litt tett luft som resultat... Svilukta har gjort dette ekstra ill hos oss, men eg ser no at det blir luftigare og friskare av å ha luka opp sjølv om det no er ordne på dette problemet, sjå nedanfor...

Sviklukt
Dette har vore eit problem heilt sidan me fekk båten, det har ikkje vore veldig sterkt, men likevel godt merkbart når ein kom utanfrå i frisk luft og gjekk ned i båten, ikkje noko bra. Etter intense studiar fann eg ut at det var ein sprekk i eksosen som gjorde den utett, eksosen vart dratt inn i luftinntaket på varmaren uten at lukta spreide seg i rommet der varmaren står og derfor har det vore svært vanskeleg å oppdage dette. Skumelt og potensielt farleg. Lukta kom antakelig likevel frå isolasjon som var lagt over eksosten, denne hadde tydelegvis ikkje tålt varmen. Iflg Diesel Elektro Service i Godvik, som har sett på det ødelagte eksosanlegget, har antakelig eksosen blitt for varm av denne isolasjonen og dermed har det oppstått sprekk i eksosen... Hmmm... Det føles godt å ha fått bytta dette, på importørens rekning sjølvsagt! Testinga no viser at det ikkje er snev av svilukt meir, deilig!


Bilder kjem seinare av gml og ny løysing.

Meir varme i forkabinen/toalett
Vel, problem nr 2 med varmaren har vore minimalt med varmluft i forkabin. Lange slangar var forklaringa og det blir slik når varmaren som i utg.pkt er for liten til ein 35 fots båt står heilt i hekken... Vel, dette var "sanning" frå såkalte ekspertar som viste seg å stemme veldig dårlig med virkeligheten. Etter å ha skrudd ut delar av innerlineren kom eg til dette... sjå bildet, 60 mm slange og T-stykke(!) på fordeling videre til forkabin og toalett... I tillegg var videreføringa til toalettet nesten knept flat som ein kanskje kan sjå på dette dårlege mobil bildet... fram til salongen er det 90 mm rør og det kjem varme i bøtter og spann dit, men altså nesten null og niks videre.

Eg valgte å bytte så mykje rør som mulig frå 60 mm til 75 mm videre frå salongen og framover. Dette doblar luftkapasiteten iflg Diesel Elektro Service og det trur eg stemmer. Samme dobling får du frå 75 til 90 mm og dei meinar det berre er tull å bruke noko anna enn 90 mm slange. Då kan du ha enormt lange slangar utan å tape mykje varme og luftstrøm. Det beste er at du vil få mykje meir varme ut frå samme varmar... Eg fekk bytta 2 meter slange, kjem ikkje til videre, men effekten av å bytte dette, isolere slangane eg kom til og sette på Y-forgreining gav enormt stor forskjell og eg syns resultatet er godt nok ifht behovet. Vurderer likevel å prøve å få skifta dysa frå 60 til 75 mm til forkabinen, men det blir vanskeig pga all innerliner og innredning som står i vegen... Me får sjå, det er såpass rom i forkabinen at det trengs mykje varme om ein skal få det raskt varmt, men slik det er no blir så varmt no at eg ikkje kan halde framfor uttaket, men 60 mm dysa gir litt lite luftstraum så det tek tid å varme opp lugaren. Så dårlig varme har gjort at me har brukt denne lugaren som lager når det er dårlig ver, men det har jo vore dumt sidan dette er den beste lugaren å ligge i! Det blir det forandring på no:) Også denne oppgraderinga vart dekka av importøren, sjølvsagt kan ein sei, men hjelpa eg får derfrå stemmer dårleg med det dårlege rykte ein kan lese og høyre mykje om... Eg er iallefall fornødd:)




















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar