lørdag 9. juli 2011

Dramatikk i Ålfjorden!



Ein lekebåt under slepp tok plutseleg inn store mengder vatn og gjekk ned på få sekund i Ålfjorden. Slepet var på veg frå Føyno til Bjoa når uhellet skjedde. Lettmatrosen som var ansvarleg for slepet fekk totalt panikk og hadde store problem med å gjere rede for seg. Etter litt tid vart der klart for resten av mannskapet kva som hadde skjedd. Skipperen kunne då berolege lettmatrosen med at lekebåten var av typen synkefri, utan at det hjalp i det heile. Slepebåten gjekk mot havaristen som vart lokalisert rimeleg raskt og tatt ombord med båtshaken. Nytt slep var heilt utenkeleg for lettmatrosen så lekebåten får nepp sjø under kjølen med det fyrste:) Bildet er tatt berre minuttar før uhellet!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar