mandag 11. juli 2011

Bjoa


Det er lenge sidan sist me var på Bjoa med båten og som alltid vart det ei fin helg. Nydelig mat frå svigermors panner og ein flott sykkeltur for heile gjengen på søndagen, med innlagt fiske i en foss ovanfor Bjoavatnet, stod på menyen. Ein rask tur i snekka for å prøve den nye motoren fekk me også tid til, VP D1 18 hk, svært stillegåande sak, no kan dei kanskje ta sjansen på litt lengre turar utan å ha med seg redningskøyta:) Det er jo litt synd for den gml motoren har jo gitt mange gode historiar!

Fisketuren vart høgdepunktet denne gongen, auren beit villig på levande makk og jammen fekk me ein rugg på heile 3 hekto også som me grilla og delte broderleg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar