søndag 8. april 2012

Ny forbruksbank og batterimonitor

Den lange lista over prosjekt i båten har blitt to punkt kortare i dag...

Den nye forbruksbanken er ferdig montert og batterimonitoren også. Godt å få ting unna og ikkje minst få den seil- og turklar igjen...

Her er dei tre nye AGM batteria under montering,
330 ah bør vere nok:)
Monteringa gjekk fint, men det er mykje arbeid og krever ein del tankevirksomhet. Det vart feks svært trangt på høgda og dermed vart det avgjerande å finne det beste plasseringa av parallellkoblingane som også var i lengste laget. Shunten til batterimonitoren skulle også inn her, og ikkje minst skal batteriene monterast slik at dei tåler ein 360 grader med båten så to saftige stropper er no også montert på kvart batteri! La oss håpe me aldri finn ut om det er godt nok. Når alt var på plass gjekk luka akkurat nedpå:) Litt mindre plass en eg hadde regna med...

Her er shunten kobla og det ser ut til å
fungere 100%.
Videre er det krav om sikringar når ikke start og forbruk står i saman. Alternativet i regelverket er å dobbelt isolere kablane, kvar for seg. Eg valgte derfor separate trekkerør til pluss og minus. Det var ikkje lett å få gjennom kablane. Det enda med at trekkerøra måtte ut av båten igjen og spennast opp på kaien så dei var heilt rette, då klarte eg til slutt å trekke gjennom dei solide 50 kvadrat kablane.

Sjøl om jobben er gjort på ein dag har det kverna litt korleis eg skulle koble opp dette. Målet var å montere det nøyaktig slik det hadde vore, dvs at eg fekk kobla meg inn der forbuket gjekk tidlegare. No må ein jo vere Hodini for å komme til så eg lurte ei stund på om eg ikkje berre skulle koble meg på ved ladaren. Fyrst trudde eg at batteriforbruket gjekk direkte der, men med mobilkamera og krampe i begge beina klarte eg å finne ut at plussen gjekk fyrst til batteribrytaren så eg kobla meg på der etter at eg fyrst hadde testa midlertidig med plussen direkte på sikringen til laderen.

Eg trur nok den løsningen er vel så bra som originalen for no er det litt lav spenning på ladinga, 14,3 volt og batteriene skal ha minimum 14,4 volt. Ikkje store avviket, men det er svært viktig at batteriene får rett ladespenning så det blir nok til at eg prøver å gå direkt ved laderen for å hente denne siste 0,1 volten som eg ser at startbatteriet får, dvs det har 0,2 volt høgare ladespenning enn forbruket, men litt spenningsfall får eg nok sidan det er 4,5 meter lange ledningar til andre sida av båten. Eg vil nok då oppleve at det vert litt meir spenningsfall mot forbruket, men eg trur ikkje det blir noko problem sidan strømmengden der er mykje mindre enn ved lading.

Her er også monitoren på plass, nett og diskre sak som
gir mykje nyttig info. Blant anna er det jo kjekt å sjå kor
mykje strøm ein brukar til ei kvar til og kor mange amper
som er igjen, ikkje berre volten.


















Deilig å ha båten tilbake i vanlig i stand igjen...


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar