fredag 13. april 2012

Tid for opptak

Tid for opptak, på fredag den 13.! Rein galskap sjølvsagt...

Men det gjekk sjølvsagt heilt fint. Nå står Tind, Silje, Fri og Moja godt planta på bakken så får me håpe krybbene tåler vinden som er meldt i morgon og ikkje minst søndag, 20 ms pila på skjermen likte eg dårlig! Men ting går som oftast bra og eg er den klart mest bekymra av alle i havna, trur eg:)

Eg syns FRI står betre enn nokon gong, den er svært baktung så dei nye Hostar støttene kom verkelig til nytte samt at det nok var smart å legge enda meir lengre bak, under kjølen enn me har gjort tidlegare... No står polering, stoffing og oljeskift på seildrev for tur og håpet er at me alle er klare igjen til onsdag...


Her står dei to som trakk det kortaste strået når det gjald
tilgang på strøm og vatn, bilane måtte i bruk for å
få nok lys til å sjå noko til å spyle av...

Tind i stroppen

Silje i stroppen



Fri på trygg grunn

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar