950.000 vart lagt på bordet for båten, i ettertid gjekk det rundt 200.000 på alt mulig tull og vas for å få den til gå litt og litt fortare i regatta. Mykje kan seiast om desse pengene, det var gøy, mykje jobb og pengar ein aldri såg noko meir til, det kom iallefall ikkje ei krone tilbake 11 år etter når båten vart solgt...
Men, 11 år med utallige flotte turar vart det, slik sett verd kvar krone. Familien var ikkje så glad i å seile som meg, men me reiste på kjekke turar på Vestlandet. Ola var berre 6 mnd når eg kom heim med båten, eg hugsar enda første turen, eg må sjå om eg kan finne det bildet og legge ut på nytt.
Det var når seilbåten vart kjøpt at denne bloggen vart etablert, det finnes over 1000 bilder frå den tida og nesten kvar einaste tur er dokumentert. I 2017 vart det klart at tida med seilbåt var over. Men kva skulle eg då gjere med skryte eg hadde lirt ut av meg i Nord-Norge når eg såg utover Tjelsundet... "Ein dag skal eg seile forbi her i egen båt"... Hmm... Ja, det var berre å dra fram handlingensmann igjen...
Først var det ein prøvande epost til sjefen, ein sein vinterkveld. " kva tenker du om 9 veker ferie på meg neste sommar"? Svaret kom 15 min seinare, "heilt greit, sålenge du gjer jobben din":). Den jobben eg hadde då kunne lett kombinerast med heimekontor og seiltur. Då var det egentlig gjort, planlegginga start og 8. juni la eg og, ja, pappa ut med kurs nordover. Turen tok 63 dagar, det er eit innlegg frå kvar dag i bloggen om nokon er interessert, det vart eit eventyr. Tøft opp til Bodø med mykje dårleg ver og ein snikande følelse av å ha tatt vatn over houvdet, men så kom drømme veret, dei påfylgjande 6 vekene kom det ikkje ein dråpe frå oven, me seilte Vestfjordseilasen og kom inn til ein fin-fin 4. plass. Eg fekk 4 veker i Nord-Norge før returen starta. Familien var der mesteparten av tida, men før dei kom hadde eg ei veke med rapportering. Låg 3 dagar i Henningsvær og 3 dagar på Skrova. Mykje jobbing, men likevel flotte, varme og lyse kveldar med ei bok på ei strand. Gode minner og ein uforgløymeleg tur. Spesielt vart turen med alle 4, rundt Senja ein opplevelse.
Vel heime i starten av August var det plutselig blitt haust, det var nesten rart å vere borte mesteparten av sommaren. Båten vart solgt, men med avtale oppbevaring til våren så den forsvant ikkje før påsken 2019. Då hadde me allerede i 6 mnd hatt vår nye båt, for båt må ein ha:)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar