lørdag 4. november 2000

NB 820 Sport

 Igjen vart det nedskalering både i størrelse og kapitalbinding. Me var svært nære å kjøpe ein nesten ny Jeanneau 795, kjekk båt, men så er det noko med NB båtane. Svigerfar sin NB820 hadde eg jo egenhendig kjøpt og hatt nokre månader på Stord før den vart sendt nordover. Ein dugande båt...

Det enda derfor med at eg gav bud på eit flott eksemplar med 41 motor og drev. Budet vart akspertert og enda ein gong vart det hentetur på meg og pappa:) Denne gongen berre frå Samnanger og heim. 

820 hadde me i 2 år, supert til sitt bruk, drev versjonen er hard i motsjø og ikkje veldig enkel å gå i mellom fartsområdet, kanskje med lettare motor, men med 41 motoren vart det tung i hekken mellom 10-17 knop. Ein del turar vart det både til Bergen, mange til Eggøya og nokre småturar ellers. Ein av dei tinga som var eit savn var ein avdeling framme slik at du slapp å dekke til alt av vindu før legging... Slikt finnes jo ei løysing på, løysinga viste seg å heite 870...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar