Laurdag 3. mai kl. 0300.
Me fortøyer i Eldøya, ganske slitne etter 21 timers strekk frå Hidra ved Lista. Det vart eit lengre strekk enn planlagt grunna fare for skodd på Sletta dagen etter.
Søndag 4. mai
June og karane får sjå båten for fyrste gong. Den fell i smak og turen går til svigers på Bjoa. Motorkjøring både til og frå pga lite vind og behov for å komme heim så leggetidene ikkje sprekk så frykteleg
Mandag 5. mai
Me stikk ut i fjorden og sett segl for fyrste gong med familien ombord, berre fokka oppe gjer at me lett kan ete middag ombord, farten toppar seg med 5,7 knop i lett vind! Skipperen er fornødd og skipperfrua er ein smule fornødd hu og, sidan det er ho som står til rors.
Fredag 9. mai - Mandag 12. mai - PINSE
Me riggar til i båten for den fyrste overnattingsturen. De tek sinnsjukt med tid og me vurderer for fyrste gong å starte turen med å sove i båten i heime havna, men me kviknar til og legg kursen mot Løkjelsøya. Det er seint og det vert mørkt før me kjem inn, men her er me kjende så det går fint. Turen går videre til Våge laurdagen og til Eggøya via Sandvikvåg og meir mannskap søndagen. Me får liten kuling ved Siglo og fleire syns det er litt drøyt, men båten går fint med 2 rev og delvis innrulla fokk.
13. mail til 30. mai
Det vert mange småturar med båten me rekk både ein tur til Eggøya og ein tur til Bjoa for det er dags for meg og June å segle båten til Stavanger for div reparasjonar. Det viktigaste er bunnpanna på motoren som må byttast og lekkasjen i mastefoten. Utan dette fiksa er det vanskelig å bruke båten til tur. Dette ordnar Nelson, men det tek 14 dagar så etter ein flott tur til Stavanger med Kystbussen tilbake de 31. mai til 1. juni vert båten liggande til 17. juni før me endeleg kan starte på årets store sommarferie. På veg ned til Stavangar snur helle vårt, det vert dårlig ver. Ola spyr i bilen og starten vert ikkje heilt som me hadde håpa.
Stavanger - 12. juni - 25. juni
27.-2. juli
Me sett kursen mot Bjoa og 60 årsdagen til Jan. Eit av mine første møte med Bjoa var 50 årsdagen til Jan så det minnar meg om at jammen har me vore lenge i lag og jammen har ho ikkje halde ut med alle dei ville båtprosjekta mine. Gud kor kan ein finne ei slik dame...??? Veret er ikkje så bra, men me får ei flott segletur ned til Bjoa. Me vert pga av veret liggande heilt til tirsdag 1.7. Fortsatt er det kaldt og surt, men det er ENDELEG meldt fint ver. Me går til Romsa og jammen skin det ikkje opp, ein flott kveld og ein flott dag etterpå. Mykje gummibåtkjøring. MEN, me har gjester i vente og sett kursen heimover på kvelden. Mor og Ola reiser heim for å ordne i huset og hente dei på Flesland dagen etter. Eg og eldste mann, Amund sett kursen til Føyno i knallveret. Me får ein flott plass og går på stranda i fleire timar tross at det er langt over leggetid. Veret er fortsatt knallfint dagen etter og det vert vanskeleg å dra Amund vekk frå stranda for at me skal rekke å treffe Andreas og Gunnlaug med følge på Fitjar samme ettermiddag. Me får flott seilvind aktenomtverst og gjer svært god fart til Fitjar. Amund ser Bie-filmen to gonger!
2. juli - 8.juli
Me trong nokre dagar heime og kjem oss fyrst ut fredag 11. juli. Me går til Føyno, det er ikkje like godt ver som sist, men ikkje så ille. Dagen etter går me til Eggøyo, men fyrst til Sagvåg for å proviantere og fylle diesel (10.80 pr liter!). Me seglar frå Sagvåg til Aalfora, det er ein fin seilas, men dessverre vert resultatet at me kjem for seint til Eggøya, mykje skrik frå trøtte ungar er prisen. Me lærte litt, men det var deilig å seile i den lette nordavinden. I Eggøya får båten ligge, men me seglar ein tur til Brandasund med båten full i folk. Nydelig ver no. Så vert det Singelhanded tilbake pga ein legetime, flott tur i ein del vind. No er det dags for mor å begynne på jobb og båten blir dermed vanskelig å bruke.
19. juli - 31. juli
Me to små heime og mor i arbeid vert det plutselig noko meir komplisert å bruke båten, men eit par kompisturar, ein med Per Vidar og ein med Tormod og svoger får me til, veldig trivelig.
1. - 3. august - Hidleseglasen


Etter dette har båten blitt liggande, men har vore to turar i Eggøya der eg fann det best å ta båten til pappa på Fitjar då det fort blir pes med to små åleine i båt, det er ikkje forsvarleg.
Dermed var sommaren fram til 14. august oppsummert. Mykje i båt, men ikkje så heldige med veret, spesielt når ein ser på kor mykje flott ver me har fått i år. Me har heller ikkje gjort dei store sprella mpt spennande stader, det enkle og trygge vart greit å år med Ola som berre var 8 mnd.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar