søndag 23. november 2008

Returen!

Formål: Hente båten heim til Stord etter reklamasjonsrep og oppgradering i Stavanger
Kven: Meg og far min
Kva tid: 22. til 23. november
Vèr: Iskaldt, nydelig seilver med østleg bris, opp til 10 m/s
Distanse: ca 55 nmil
Brukt tid: 8,5 timar


Så var 3 veker gått, båten ferdig og eit lite vervindu gjorde at me satte oss i bilen laurdag kveld med mål om Stord før det vart mørkt dagen etter. Litt nedtur vart det! Når me kom i båten seint laurdag kveld og skulle slå på straumen stod den på og batteria vart totalt tomme, etter at det hadde stått på lys i akterlugaren. Pokker, landstraum fekk me tak i etter litt om og men. Varmaren kom på og alt såg greit ut, men det viser seg at motoren ikkje ladar batteria så det vart ein kaldtur heim med minst mulig bruk av straum. Kva som er gåen har eg pt ikkje noko fornuftig teori om, sidan batteria tek straum frå landstraumen så virkar det litt rart om det er batteria, men det er også svært rart at dette skjer samtidig som båten for fyrste gong har blitt tappa heilt tom og det i kuldegrader... Grrr. Ellers er mykje bra gjort med båten, men finish og løysningar er eg ikkje 100% enig i, men det er greit nok.






Me fekk oss ein nydelig seiltur heim, men pga kort tid med dagslys på denne tida vart det meir motorkjøring enn ønskelig, men me segla mesteparten av Karmsunde i østleg bris og over 8 knop på det beste. Me fekk også svært flott seglar frå Haugesund til forbi Ryvarden då me gjekk inn i kraftig motstraum og minkande bris. Siste timen då sola gjekk og vinden kom over på nord vart ein kald affære, men då bruke me resten av straumen på å la varmaren gå...
















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar