mandag 2. februar 2009

Søndag 1. februar - endo ein flott vintertur!

Helga vart flott og båten fekk lufta seg igjen, berre ei veke etter at me alle var på Føyno.





Denne gangen var det far åleine, som etter å ha jobba på tilbygget laurdagen heiv seg på sykkelen og sykla til Eldøyane, søndag ettermiddag. Mor og barn hadde tatt bilen til Bjoa, fredagen for å gå på ski... og la far vere i fred med jobbinga. Målet for turen var å fylle diesel på Leirvik. kr. 7,49 for dieselen var ein overraskelse, i sommar fylte me i Sagvåg for 10,80 pr liter!!! Sjelden ein fylle på siglebåten så da betyr jo ikkje ein døyt... Viktig med fullast mulig tank om vinter pga faren for kondens.

Til tross for at seilo no e hos Seilmaker Iversen vart dette ein flott tur, blikkstille så dermed vart ikkje segla saka denne gongen, fyr i komfyren gav steikte pølser og varme pølesbrød, samt kaffi og sjoko te dessert på vei heim i 3 knop. Eg syns da rant dårlig når eg fylt vatn utpå, mistanken om at dusjen bak hadde blitt offer for frosten fekk eg bekrefta når eg kom i havn og kikka i akterrommet. Der hadde da spruta livlig, mens eg tappa vatn te kaffien. Ein av mine faste vaner kom til sin rett, slå altid av brytaren til vatne når da ikkje e i bruk. Pumpo stoppe ikkje før nok trykk e bygd opp og ryke nåke ja, så går heile tanken (260 liter) ut uten at ein merke anna enn at pompo går, noko ein sjølvsagt ikkje høyre med motoren i gang... Vel, ca 10 liter vart svampa opp etter at eg var vel i havn... Traff Roald i havna og dermed vart da jo ein del båtsnakk og ikkje minst Seilmakeren Doublehanded prat. Jammen blir da eit av årets høgdepunkt!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar