søndag 10. mai 2009

Gnuen 2009!


Årets fyrste regatta og vår aller fyrste Gnuen-regatta. Med ny rekord i antall mannskap på FRI vart skipperen overmodig og satte gennaker frå start, det straffa seg hardt allerede før runding Ystøya, ustabil vind med litt for skarp vinkel gjorde at gennakeren måtte ned. Det enda med posen til værs og heile j... skapen i sjøen. Vel, sidan dette faktisk var fyrste gong med tråla med FRI tok det litt tid før me fekk summa oss såpass at me fekk den ombord. Full i vatn var den blytung. Me kom oss etterkvart avgårde igjen og fekk satt fokka. På veg nordover begynte skipperen å fundere på kvar den nye dobbelbrasen hadde tatt vegen. Ein kikk akterover gav svaret, den hang rundt roret og resten slepte fint etter båten. Heldigvis fekk me den laus ved å gå opp i vinden, men dyrebar tid gjekk tapt, igjen...



Nordover fekk me etterkvart opp gennakeren igjen med betre resultat og ved Grovaholmen hadde me nådd igjen bakerste del av feltet. Ei bra opphenting syns me sjølv. Ved runding Fjæreflu sneik me oss forbi Olderkjær og var ikkje lengre siste båt. Me sleit lenge med å halde følge med Steve Cooling nedover mot Hidle, men etter Huglehammaren gjekk det vår veg og me runda såvidt føre dei. På kryssen opp mot mål vart det fin kamp mot Beneteauen og me gjekk til slutt i mål 4 sekundar føre... MEN, på korrigert tid vart me heilt sist!




Me har lært ein masse i dag også og det blir spannande å sjå om det nye 108% seilet samt ein tur på land for spyling og stoffing gir oss betre høgde og fart på kryss... Det er lov å håpe:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar