søndag 14. juni 2009

Nyseilet endeleg på plass!

I dag fekk me på nyseilet, etter mykje om og men. Det var ikkje så lett å få det opp i råsevinden som råda i dag. Det vart ikkje tid til testtur sidan det tok så lang tid å få det opp, men på tirsdag e me klar. Det vert rett og slett veldig interessant å sjå korleis båten går no! Forventningane er neppe for låge:)


I morgon er det dags for å få til ein etterlengta fortøyning for båten i Eggøyo. Som ein ser av bildet er dimensjonane forsiktige som vanleg:) Berre vent til dåke ser bildet av ilen!!!


3 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  2. Grattis med nytt seil. No blir det straks litt verre å halda fylgje med deg. Når er det Eide Lift kjem med ilen?

    SvarSlett
  3. Ja, den ytterst forsiktiga testingo me gjorde i heilt lett vind før me fekk korta da inn va lovande. Spørsmålet e korleis seilet håndtere meir vind og korleis da blir delvis innrulla ifht fokko, da blir jo altfor mykje pes å halda på bytta seil sånn som desse seilo e med spiler og begrensa plass for oppbevaring i båten. Antar me får prøvd da i meir vind allerde i måro.
    Eide Liften nådde ikkje fram i dag, no blir da enten onsdag eller torsdag. Avtalen e at Waage i Brandasundet skal ta da når han har tid, men så ska han på ferie i 3 veker frå fredag av så mulig da går i dass. Ville jo hatt han ut no så me sleppe å ligga å finlesa vermeldingane før me tar turen... Loddet e på 2,8 tonn på land... så da sku nok halda... hehe. Ser sjukt ut, men så e da ein litt sjuk mann som legge da ut og:)

    SvarSlett