mandag 1. juni 2009

Seilmakaren - Oppsummering!



Fyrst no er me heime igjen etter Seilmakaren og har igjen tilgong til nettet. Etter seilmakaren la eg kursen rett mot Eggøya der resten av familien hadde reiset i forveien. Kom fyrst heim i ettermiddag.

Oppsummert var Seilmakaren både spennande og krevande. Me fekk alle former for ver og fekk kjørt oss, men ikkje verre enn at me i motsetning til over halvparten av dei startande, fullførte. 3 timar før makstida. Me seilet i periodar bra, i andre periodar svært passivt, spesielt på Sletta gjorde me ein dårleg figur, målet var å seilet trygt og sikkert. Resultatet vart ein Baven med 2 stk Raunholm ombord som plutseleg var i ryggen på oss igjen etter at me trudde me hadde rista dei av oss i Nuen. Når det gjekk opp for oss i Karmsundet trimma me om og seilte hardare, men uansett var det berre 20 min mellom oss i Skudenes og justert for LYS var dei eit godt stykke føre oss, godt jobba i Cloelia. Etter Skudesnes vart det heftig vind i mot, opp i 16 m/s såg me på loggen, men me syns me fekk fin trim i båten og me syns også me seilte frå Cloelia igjen som me hadde augekontakt med bak. Dessverre sløva me og seilte altfor lenge med lite seil når det løya litt lengre opp i Karmsundet. Når me fekk ut fokka heilt nær Kopparvik auka farten med 1,5 knop!!! Idiotar... Vel, Cloelia rauk seilet og me vart litt åleine igjen, båtane rundt oss braut ein etter ein, men me var fast bestemt på å fullføre. Me tok igjen tre båtar i Karmsundet, der var det ekstremt med straum og berre me klarte å komme oss forbi brua og nordover, dei to andre kryssa og kryssa og kryssa, men måtte gi seg. Me slo ca 50 gonger før me var trygt gjennom. Heilt spesielt og svært så spennande, med både hurtigbåt og fraktebåt som skapte høg kvilepuls...

Vel, Sletta gjekk grett, litt lite å kjempe for gjorde at me seilte konservativt, havblikket nådde oss rundt midnatt rett sør for Alfora, eit ørlite drag på 0,4 m/s kom frå sør utpå natta slik at me kom oss til Eggøya ved 06 tida, då satte me gennaker og gjekk Selbjørnsfjorden mot Stolmen, utrulig slitsom med null vind og masse tung sjø, stor slitasje på seil. Vel, egentlig ein slitsom slutt med svært lite vind der begge var stuptrøtte. Trur begge var vekke eit øyeblikk i Korsfjorden. Me hadde ein båt i sikte som viste seg å vere ein Hanse 320, bittert at me ikkje tok den att. Summasumarum vart me den siste båten som fullførte med tida 46 timar og 3 minutt. Dette viser stayer evne, altfor mange brøyt, også båtar som skulle tilbake til Bergen uansett. Det er usportsleg syns eg og Ole Jacob!

Vel, ein kjempetur, me er klare igjen til neste år, då me mindre kreative rutevalg og heilt sikkert nytt forseil som gir oss litt større mulighet for å vere med på notane, sjølv om det vert tull å skylde på det. Synd at nyseilet vart liggande i forpiggen heile turen pga at det ikkje lot seg gjere å fikse lengda for forliket før start...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar