lørdag 4. juli 2009

Fredag 4. juli - kveldstur

I nydelig ver og heilt perfekt vind fekk eg meg ein sein kveldstur eit par timar. Det var ein spesiell vind denne kvelden som tydeligvis var betydelig kraftigare nokre meter over cockpiten så overraskelsen var stor når eg satte seil i den tilsynelatande lette brisen og båten skaut fart som om fanden var i helane på oss! Loggen la seg på 6,9-7,1 knop på 40-45 grader. Vindmålaren viste 17-18 knop vind, minst dobelt så mykje av det eg ville tippa på... Det enda med mange mil på dei to timane eg fekk seilt, nesten til Illholmane og tilbake nesten til Føyno før eg måtte innsjå at kvelden var omme. Rett og slett fantastisk seilver i shorts og t-shorta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar