onsdag 22. juli 2009

Heim!




Her går alt som det skal, god fart åleine med gennaker og full kontroll. Nydelig, men det var før Stokksundet...


Her er gennakeren nede og regnet kjem samtidig løya vinden som jo ofte er sterk i forkant av ei byge...

Me labert vèr og vèrmeldingar framøve valgte me å reisa heim frå Eggøyo på tirsdag. June og karane reiste med Rodmannen til Fitjar der bilen stod og eg fekk meg nåken fine timar åleine med å seile båten til Eldøyane, tross lite straum ette 3 døgn uten landstraum i Eggøyo og svært lett bris frå vest-sørvest valgte eg sjøvlsagt å seila. Ved Ålfora satte eg gennakeren til tross for at eg va åleina og vinkelen vart i periodar skarp. Da gjekk likavel supert ner til Stokken med 7,6 knop som bestenotering i "vindkasto" som toppa seg på 12 knop "truewind". Gennakeren som e 91 kvm drar volsomt når vinden går frå 3 til 6 ms så eg fulgte nøye med på vinden og hadde bestemt meg for å vera raskt på fordekket for å få han i strømpo om da auka litt på. Dessverre vart denne vurderinga litt påverka av at eg holdt på å bli tatt igjen av ein Dufour så eg fortsatte forbi lykta utanfor Stokken, det skulle eg ikkje gjort. Kva er det med denne plassen??? her bles det alltid meir enn alle andre plassar, siste eg segla her va eg også åleine, då auka det frå 20 til 35 knop på svært kort tid. Det samme skjedde jammen igjen, denne gongen frå 10-12 til 20 knop+. Med vesta vind har du ikkje sjans til å falle av så det enda som det måtte med fleire spektakulære broachar, skuta var gjort særs dårleg sjøklar i forkant så det singla med ting og tang som forflytta seg rask frå styrbord til babord nedenunder. Blant anna trepuslesspillet til Ola, Cognacfalska som for anledningen stod i hylla i byssa var heldigvis i plastikk så den overlevde... div koppar og kar hoppa ut av vasken etc. I kaoset var det likevel kjekt å sjå at eg klarte å halde båten på kurs ei stund med svært kraftig krening og over 8,5 knop båtfart, men når sjøen kjem over fenderlista er det slutt, då slepp roret og ofte før også om det er litt sjø, noko det var lite av her. Irriterande at det ikkje var mulig å falle av, det skulle vore moro å sett kor fort det ville gått då og om eg hadde klart å halde båten på kurs...

Det var ikkje anna å gjere enn å slakka sånn passe på tackline og skjøte, la autopiloten ta styringa og gå på dekk (med line) og håpe at eg kunne klare å dra ned strømpa. Erfaringsmessig er dette svært vanskeleg i mykje vind, spesielt når du ikkje har nokon i cockpit som kan slakke til rett nivå på skjøte og tack... Som venta vart det vanskeleg og med holmane utanfor Stokken litt vel nært tenkte eg mitt om den forbanna Dufouren som hadde lokka meg opp i dette! Eg fekk ned ca 1/3 før det var stopp, satte fast strømpa, bak og slakke litt meir og fram igjen! Etter mykje strev og verkande hender etter omtrendt å ha hengte med min 100 kg på det tynne tauet som drar strømpa opp og ned fekk eg 3/4 ned og dermed var eg berga resten klarte eg å ta for hand og trø ned i forkabinen... Idiotisk å komme i ein slik situasjon åleine... Har lova meg sjølv at dette ikkje skal skje igjen, alternativet hadde vore å prøvd å få den bak storseilet og dra den inn, men sidan eg no har fallet på masta er ikkje det heilt lett heller... Vel, lærer litt etterkvart, når eg seglar åleine ser eg at eg bør føre fallet til SpinLock i cockpit slik at eg kan håndtere den både ved masta og frå cockpit...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar