søndag 2. august 2009

Hidleseilasen 2009 - del 2

Me gjekk frå Eldøyo halv 12 mot Fjellberg. Me lurte ei stund på om starten var flytta, for kl 1240 var ingen å sjå, men så kom startbåten, Amelie og Erlingen, startbøyen vart lagt ut og starten gjekk presis kl 1300. Det er vel rett å sei at berre 3 av dei 7 båtane var klare då starten gjekk. Me fall for fristelsen å gå nære Borgunøy, skiftande og ustabil vind vart resultatet og den gode starten forsvann delvis her. Odd gjekk forbi og me runda som nr. 3 ved Terneskjer. Amelie og Odd gjekk lengre nord-aust enn oss som gjekk meir platt og rett mot målet. Det var vanskeleg å vurdere, men me gjekk i mål som 2. båt ette Amelie, ca 1 min før Odd som går veldig bra så dermed var nok dette best denne gongen. Blåfugl kom sterkt etter at han ikkje rakk starten, men me klarte å halde den bak oss og var nøgd med det!

Dessverre gløymte me heilt å ta bilder i dg..., men 4 av gjestebåtane frå fredg var vekke, heldigvis stilt dei nyankomne danskane på brygga vår og Erlingen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar