søndag 23. august 2009

Oppsummering - Håkonarseilasen 2009


Då var Håkonarseilasen over for i år, ein flott regatta med veldig trivelig kveld i Bekkjarvik og Gjestgiveriet. På FRI var Roald og Leif med foruten faderen. Laurdagen baud på svært vekslande ver med usedvanlig kraftige regnbyger ved Ringholmen. FRI er fornøgd, med nokre unntak. Me syns i periodar det går flott med gennakeren på spinnakerbom, men når dette kostespinneriet skal jibbast går ting til bloksberg, uten unntak til no. Ved Ålfora la gennakeren sin elsk på forstaget og seg sjølv og etter muligens litt unødvendig ordbruk og disens tok me ein stykk gennaker med div trollknutar ned i forpiggen. Når me då skulle ta den opp igjen forsvann fallet inn i masta og det vart kryssfokk resten av vegen, litt kjiipt når me ikkje låg så verst ann, 7. plass dag 1. Etter masteklyving og orden i sysakene vart det ein særs trivelig kveld på byn. Planen om å gå i båten tidlig enda i cognacflaska til Ove i stadenfor:) dermed vart formen tilsynelatande som for resten av gjengen søndagen, litt under middels. Misforståelse og kaos prega starten i Bekkjarvik, men me kom oss no avgårde og fekk ein fin og frisk kryss i Nuen. Me fekk matcha oss lenge og vel med Linnea til Odd ner fjorden der me til slutt kom nokre båtlengder før i mål og dermed bak på korrigert tid, me er likevel godt nøgd med 3. båt i mål etter Amelie og Silje...











Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar