fredag 16. oktober 2009

Melges - treningsseilas!

Torodd inviterte på treningsseilas på ein av dei to Melgesane deira i ettermiddag. I frisk vind frå nord, ca 10 ms gjekk seilasen frå Sæverhagen med bankekryss til Grovaholmen før det bar i vei med skjæring ned forbi Ystøya og til fortøying på Leirvik. Det er hardt arbeid å seile desse båtane, spesielt på kryss i mykje vind. I unnavind gjeld det å halde eit våkent blikk, 1 sekunds uppmerksomhet og du ligg bokstavligtalt i sjøen... det fekk me merke med rormannen hengane etter rorpinnen, men me kom oss greit i vei igjen og toppa på 16,9 knop!!!! Heftigare seilopplevelse har ikkje eg vore med på, fantastisk gøy! Takk for turen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar