onsdag 4. november 2009

Lofoten 2011












Draumen om å komme på egen kjøl til Nord-Norge og Lofoten har vore der heilt sidan eg studerte i Bodø 91-93. Med svigerfar og familien til June rett over Vestfjorden på Sandtorg (Tjeldsundet) og endeleg egna fartøy har eg veldig lyst til å ta denne turen. Den er no planlagt til 2011 med 6 veker ferie allerede innmeldt hos arbeidsgjevar, 18. juni til 31. juli:) Vel, mykje kan skje til den tid, blant anna må me sjå korleis det går med dei to små ombord framover. Pt ville dette blitt ein altfor lang tur for dei. Uansett vil me heilt sikkert ikkje ta meir enn eine vegen med familien ombord. 6 veker høyres mykje ut, men med ca 650 nmil kvar vei og eit ynskje om å segle i Lofoten og kanskje Senja må iallefall eine strekket gå rimeleg effektivt... Bildene er henta frå sommaren 2002 når me kjørte tur/retur, det tok 6 dagar og vart totalt ca 4000 km så det seier litt om kor langt det er, men det er jo litt av draumen, det å komme seg på skikkelig langtur!
Vel, me har god tid å tenke på dette, men eg syns dette er den optimale tur... Her er nokre linkar frå andre som har gjort tilsvarande...

3 kommentarer:

  1. Me og planlegg tur nordøve til sommaren!

    SvarSlett
  2. Kommande sommer? Me planlegg langt fram, 2011. I 2010 vert det svært lite ferie felles så det blir neppe lang tur då, men satsar på at me får 2 veker iallefall... Eg har store forventningar til denne turen... Me har verdens flottaste kyst...

    SvarSlett