søndag 13. desember 2009

Vinter er tid for båtprosjekt!

Det står ikkje på idear og planar ifht til oppgradering, endring og justering ombord, men ikkje alltid like lett å få tid når ein stort sett heller stikk på fjorden eit par timar for å lufte segl og varme motor når anledningen byr seg...:)

Men med mørke kveldar og familien i Nord-Norge ei veke har det endelig skjedd litt. Meir enn halve jobben er å bestemme seg for korleis ein skal gjere det og ikkje minst få tak i alt ein treng... her kjem jo verktøy inn i bildet, det er jo typisk at ein treng 7,5 mm borr når ein har både 7 og 8 mm... Vel, det ordnar seg, men tek tid.

Planen for vinteren er:

1. Skjøte i cockpit, med krok i dørken (kompromiss)
2. Varmar, ny dyse i cockpit, finne ut av svilukt og få meir varme i forkabin og toalett
3. Gennaker, fikse skade, få på spile som hindrar ledig skjøte å falle ned og under båten
4. Innhal genao 3
5. Automatisk stenging av gass
6. Gassalarm
7. Remontering av GPS/VHF, koble desse samen og montere 2. håndsett ute
8. Faste fendrar på uteliggarane for å sleppe å bruke fendrar på båten

Det vil dra ut i tid desse prosjekta og det vil komme nye innlegg etter småturar i vinter så eg lagar eit innlegg pr prosjekt når det er ferdig...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar