søndag 21. mars 2010

Prosjektstatus...

"Store" planar vart lagt i haust, men det blir ikkje så mykje tid til skruing i båten og alt tek lengre tid enn forventa, men i helga har det blitt gjort ein innsats og ting byrjar å ta form, her status på alle dei 7 prosjekta:
1. Skjøte i cockpit:
Dette vart gjort ferdig i desember, men feste i bommen passa ikkje og Seilmaker Iversen har fortsatt ikkje fått inn Sparcraft sitt feste, ting tar tid. I mellomtida er skjøte feste i rev 1...

2. Varmar:
Dette er det einaste prosjektet som er heilt ferdig og det fungerar fortsatt 100%, kjekt når noko blir som ein hadde planlagt:)
3. Gennaker:
Vel, skaden vart fiksa og spile vart satt på, tilsynelatande ok begge deler. Skuffande å oppdage ei ny rift som Seilmakeren hadde oversett, gennakeren tas med tilbake til Seilmakeren i morgon så får dei vurdere om det må spøtast litt til...










4. Innhal genoa
Dette har eg slått frå meg for i år...

5. Automatisk stenging av gassen ute ved flaska
Kjøpte ventil hos Maritim i desember, men fekk den ikkje til å passe. Hanse-eier har tipsa meg om at eg antakelig burde hatt ein anna ventil i samme serien (Truma). Håper Maritim kan ta tilbake ventilen til 1000 kr eller aller helst bestille ny som passar, til meg:). Ledningar er trekt så noko er gjort, ikkje heilt lett...

6. Gassalarm
Starta montering i dag, monteres i dørken på undersida, blir usynlig, men den uler noko så inni hampen at det blir ikkje noko problem. Dessuten skal den stå lavast mulig sidan gassen som kjent er tyngre enn luft. Etter litt betekning har eg valgt å montere denne direkte på batteria, med egen sikring og egen av/på brytar med lys. Ideelt sett skulle den vore montert slik at den alltid stod på når strømmen stod på, men det verka omtrendt umulig å komme til for å få kopla på noko der... Enklast hadde vore å kobla seg til ein ledig brytar på panelet, men ikkje ideelt med desse småtassane som trykker av og på alt mulig. Då kunne det lett blitt til at alarmen vart slått av av ungane med påfølgande falsk trygghet... No blir det ein brytar med lys som berre far veit om... Poenget med å kunne slå av er at den trekker såpass med straum at den kan ikkje stå på i vekevis...

7. Remontering av GPS, få kobla DSC og 2. håndsett ute...

Mesteparten av tida i går og i dag gjekk til dette prosjektet, det som kunne gjerast ferdig er ferdig... Produsenten har lagt null tankevirksomhet i å gjere det enkelt å trekke ledningar i båten så det har tatt fleire timar å få spesielt ledningen til det håndsettet på VHFen som skal vere ute, bakover i båten. Men det lykkast til slutt, dessverre passa ikkje holderen til hullsaga når eg skulle montere det ute så det er ikkje gjort, men det tar berre nokre få minuttar... Skal bli greit å kunne følge med på VHFen slik ein pleide før i motorbåtane...
Ellers vart koblinga mellom GPS og VHF ferdig, mykje plunder også her for å få trekt kablane, men det gjekk lettare enn med håndsettet:)
GPSen kobla eg ferdig forrige helg, når ein anna Hanse eigar høyrte korleis eg hadde prøvd å montere den så kom han fort fram til at eg måtte ha nytta jording i stadenfor minus, dette gav greie spenningstall så lenge kartplottaren var av, men når ein kobla den på forsvann 5-6 volt uten at eg kunne skjønne kvifor... Vel, med minusledningen på plass (den var jo heilt bortgøymt så det var lett å tru at den første eg hadde nytta var einaste minusledning) var eit mysterie løyst og dei håplause ledningane me har hatt liggande direkte på batteriet var endelig borte, dette skulle me fikse med ein gong me kom heim frå Greifswald, no er det 2 år sidan:) Nokon som kjenner seg igjen...?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar