søndag 30. mai 2010

Endeleg sommar!










Det var tilløp til sommarfølelse i går på veg innover, men i dag våkna me til knall ver og steikande sol, deilig... Det vert ein tur i Baroniet og kanskje ein tur på puttballbanen før me må innsjå at ei flott helg er over og at kursen må leggast mot Stord igjen... BarneTV for fyrste gong i båten i dag, det var stas:) Dessuten fekk me altså sett Grandprix og tankane byrja tidleg å kretsa rundt ein CI-modul og eit kort (slik at me kan få sett på anna enn NRK:)) Med fare forå verke interessert, Didrik havna betydelig høgare på listen enn eg hadde spådd...

Men stortsett vert det nok barneTV og nyheter og der er berre NRK i særklasse... Men no får me komme oss ut i finveret. Bryggeanlegget her i Rosendal er fantastisk flott, enig med dei som hevdar at det er det beste som finnes...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar