lørdag 21. august 2010

Håkonar - del 1











Som venta vart vinden frisk på fyrste del av seilasen mot Fitjar. FRI fekk ein svært god start og var nr 3 ved Sponavika rett bak dei to fyrste båtane, men kryssen opp mot Bømlabrua og Brunsholmen vart ikkje spesielt vellykka, det var frisk vind og i etterpå klokskapen ser me at det nok kunne vore greit å satt 2. rev i storen, me gjekk med 1 rev og full fokk. Nedover til Fitjar freista me å spri fokka, men bommen har fått seg ein smekk så "kjeften" er øydelagt og dermed løsna bommen frå masta, ikkje kjekt me ein løpsk bom i kuling. Resultata vart ganske jevne, med berre 40 minutt frå fyrste til siste båt, men FRI vart ikkje betre enn nr. 8 av 10, men i morgon er det nye mulighetar til å reise kjerringa. Flott arrangement på Fitjar med trivelig stemning og god konsert av oldisane i Dance With A Stranger...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar