lørdag 7. august 2010

Husnes!







Skipperen våkna tidleg, kokte kaffi og kasta loss. Deilig på sjøen tidleg på morgonen. Havblikk til utfor Uggdalseide der det kom flott og varm vind frå nordaust, seil vart sjølvsagt satt straks, 7 knop i rett retning. Allerede ved Ånugla var paradiset over med motvind samme kvar me satte baugen. Husnes er ein sikker vinnar, syklar til gratis utlån vart ein vinnar hos dei minste, 3-hjuls til Ola. Far enda opp med ein 3 nr for liten damesykkel med solid kast i bakhjulet:), men, men. Husnes Storsenter imponerar og i havna er det alltid ungar å komme i kontakt med. Det er også stort skilt med kart over aktuelle turløyper så planen for ein haust-tur med fjelltur på menyer er allerede lagt. I morgon er ferien over for far og skipet går dermed mot heimehavn, med lunchstopp på Løykjelsøy om veret er bra og ikkje planane endres... Uansett, allerede tirsdag er det oppstart av haustens tirsdagsseilasar og FRI planlegg hyppigare deltakelse enn vårens skuffande 3 deltakelsar...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar