tirsdag 24. august 2010

Tirsdagsseilas 24. august

Det er verkelig blitt haustligt og det vart ein fuktig, men fin tur for meg og faderen. Me stemte for Hidle tross lite vind på Vikafle fordi det var ein del vind i fjorden før start, men det skulle vise seg å bli ein seilas i svært lite vind. Me kom oss etter kvart til Ystøya og fekk fin om enn lett bris frå sør. Her var me altfor passive og skulle satt gennakeren med ein gong, men det gjorde me ikkje før me såg at Sundancen tok kraftig innpå når me nerma oss Hidle. Med gennakeren såg me 6,5 knop ei lita stund før Hidle, absolutt perfekte forhold for ein gennaker. Ein grei jibb i lite vind ved Hidle og ei grei nedtaking, god trening. Ekspressen er vanskeleg å ha med å gjere i lite vind og dei tok oss igjen ved innløpet til Leirvik, me hadde også rota vekk mykje høgde på vegen tilbake og bomma kraftig på at straumen skulle hjelpe oss sørover, men pining på slutten og litt "matchseiling" gjorde at me holdt dei bak oss i mål, sjølv om dei vart langt føre på korrigert tid. Melgesen er umulig så dermed vart det 2. plass av 5 i mål og 3. korrigert tid og vårt ansvar neste gang å velge løype og ta starten:) 5 deltakingar no i tirsdagsseilasen så me får håpe me rekk 8 så me får kurs i år:) Imponerande med Shantynette og Sundance som pt har deltatt på alle 11 tirsdagsseilasane til no i år, godt jobba!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar