onsdag 13. oktober 2010

LYS-Komitteen sett ned LYS-tallet med 0.02 for Hanse 350!

Etter snart 3 sesongar og utallige oppgraderingar av FRI utan særleg hell på regattabanen var det for ei tid sidan dags for å kontakte LYS-komitteen med spørsmål om dei kunne regne over LYS-tallet ein gong til for Hanse 350. Mange har stilt seg spørsmål ved LYS-tallet til denne båten og etter nøye gjennomgang av alt som finnes på internett om Hanse 350 er det altså ingen i Norge som har lykkast å komme over midten på resultatlistene med denne båten til no! Det er altså ikkje berre Bjordal som ikkje får dette til...:) Båtens moderne utsjåande kan nok sjå racy ut for mange, men faktum er at båten er ein turbåt, solid bygd og svært tung, heile 6,4 tonn og den absolutt tyngste i 35 fots klasssen.

Ser ein mot andre båtar er det også åpenbart at båten er høgt lysa. Til dømes, hadde båten likt LYS som SunFast 37, ein 2 fot større performance/cruising båt med avansert dekksutstyr ifht ein Hanse. SF37 har videre blant anna 27 cm djupare kjøl, meir kjølvekt og fortsatt er den nokre hundre kilo lettare. Ser ein på Sun Fast 35 som er meir rett å samanlikne med er denne båten 1 tonn lettare, har djupare kjøl, lik kjølvekt, relativt likt seilareal mv. Til overmål har denne båten med 1,22 som standard LYS ikkje hevda seg spesielt godt på regattabanen.

Det er derfor svært gledelig at komitten no har satt ned standardlys på båten til 1,22 (tidl. 1,24). FRI får dermed 1,20 (tidl 1,22) pga gennaker og genoa 3!

3 kommentarer:

  1. Hmm, må få målt båten eg snart og stille i samme regatta som deg. Så får me sjå om dette stemmer

    SvarSlett
  2. Personleg så syns eg det er alt for masse fokus rundt LYS-tall. Dersom me sammanlignar min debut i regatta med din, så seila eg også i 3 sesongar utan å vinne noko som helst. Då seila eg ein FC8 som er ein kjent båttype, og seilar opp til LYS-tallet sitt. Dei fleste som har seilt ei stund reknar og med å bruka ca 3 sesongar for å få ein båt til å seile opp til LYS-tallet sitt. Vår Melges satsing viser også dette, då første året var rein katastrofe resultatmessig, sjølv med maaaassse trening. Seiling er (u)heldigvis ein aktivitet der dei som vinn, har flest tima på sjøen. Eg er ganske sikker på at dei aller fleste båtane seile opp til LYS-tallet sitt, dersom båt, mannskap og forhold er på stell. Just my 2 cent... :)

    SvarSlett
  3. Eg trur det er betydelig forskjell på kor enkelt det er å seile opp den enkelte båt til LYS-tallet. At dyktige seilarar kan seile opp kva som helst til tallet tvilar eg ikkje på. Poenget for "normal" regattaseiling må vere at det skal vere mest mulig like mulighetar for å hevde seg. Endringa frå 1,24 til 1,22 hadde med eit unntak i ein tirsdagsseilas ikkje gitt oss betre plassering, men det gir oss betre muligheter, avstanden vert sjølvsagt mindre.
    Eg trur ingen skal vere veldig bekymra for at Bjordal står øverst på pallen framover pga litt lågare LYStall:) Men med meir stabilt mannskap er sjansane for å komme over midten på lista blitt betre...

    SvarSlett