søndag 27. mars 2011

Tv-montering!



Etter impulskjøpet i Rosendal i mai i fjor har Tv`en levd eit farleg liv ombord i FRI, ståande på kartbordet surra fast med ei stroppe og ein regel om på pakken den ner om det bles litt opp har faktisk gått fint, men med ledningar her og der, konstant behov for å passa på samt at den blokkerte heile kartbordet og skapet var det på høg tid å få den fastmontert og kobla straumen til ein sikring og ikkje via 12 volt uttaket.


På grunn av de asymetriske salongløysinga passa den best på kartbordet eller framme på motsatt side. På veggen ved kartbordet var det ikkje plass til 24 tommar og de ville uansett komme i vegen for skapet. Med hermetisk lukka avdelig under dørken enda det med borring av 25 mm hull med hullsag både her og der for å ledingar og ikkje minst HDMI kabelen over på andre sida, men alt vart godt skjult sjølvsagt så alt i alt gjekk dette fint, svært nøgd med resultatet.


HDMI kablen har vore planlagt heile tida side me valgte ein stor TV uten DVD og USB slik at den også ville passa å ha heime på kontoret om vinteren. Derfor gjekk eg til innkjøp av 10 meter HDMI kabel på Biltema og dette fungerar heilt fint

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar