tirsdag 31. mai 2011

Tirsdagsseilas 31. mai



Enda ein tur i annanmannsbåt, denne gongen i Øystein sin Bavaria 31 Cruiser. 5 stilte til start frå Leirvik med styrbord runding Hidle. David frå Italia var også med for fyrste gong, han jobbar hos min kommande arbeidsgjevar og har planar om å ta sin eigen båt frå Finland til Norge i sommar, ein Laurinkoster frå 1953, eit smykke ser det ut som på bildene:)

Me hang ikkje så verst med i dag, 1.08 i LYS vil nødvendigvis medføre at ein kjem eit stykke etter dei raske båtane, men litt lite vind på slutten ødla for ein god plassering i dag, men 4 av 5 er ikkje så aller verst for ein heilt standard båt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar