fredag 17. juni 2011

1,5 knop i feil retning!

Det byrja med tjuvstart i går. Så eit bra legg til starten av Selbjørnsfjorden, før me gjorde mykje tull, sleit med båtfart, var nær å reke på land ved Ringholmen og no, etter ei svært lang natt går det altså 1,5 knop raka vegen nordover. 5 båtar sneik seg forbi Spissøybrua nokre få minuttar før oss, men så forsvann alt vind og me rek no nordover i rekordfart... Ikkje den heilt store seilasen dette for oss, mannskapet vil starte motor og skipperen er på glid...

Sendt fra min HTC

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar