søndag 17. juli 2011

Møkster







Turen gjekk til Møkster i kveld slik at vegen videre til Bergen vert litt kortare. Møkster overraskar, det ser kaldt og ugjestmildt ut ved innløpet, men lengre inne når ein rundar kaien åpenbarer det seg ei fin flytebrygge som ligg svært lunt til. Her var det ein del båtar, men både den eine og den andre ville hjelpe til, flott!

Møkster ser ut til å vere ein fin plass ellers også, her er det nok fint å gå turar, butikken ligg rett ved, det er trådlaust nettverk og me såg jammen meg også ei sandstrand på veg inn, la oss håpe den er ikkje er privat slik at me kan nyte strandlivet nokre timar i morgon før avreise til Bergen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar