søndag 18. september 2011

Uskedalen del 2

Det vart både mørkt og kaldt før me fortødde i Uskedalen, men ikkje for alle som ein ser:)



Laurdagen stod fjelltur på programmet og besøk av våre gode naboar i nybåten. Det vart mykje mas den morgonen... "ka tid kjeme di då????", kvart 5 minutt:) I dag fekk begge vere med heim i motorbåten, hmmm spørs korleis det går når dei får teften av fart:)

Fin båt!

Skogsturen mot Engledalen og ned på Eik vart veldig bra, til tross for lett regnvèr. Kaffi og pølespause midtvegs gjorde godt for stor og små. Ola sprang etter trollet heile vegen og gløymte rett og slett å bli sliten:)
Her er det "pølsefest" i FRI før avreise på søndagen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar