søndag 30. oktober 2011

Motorbåt!

Ja, i dag var dagen komen for ny båthenting. Draumenbåten dukka opp på Bjorøy og i dag var altså tida komen for å få vidunderet av ein motorbåt "heim", til Eldøyane!
Ein frisk bris til liten kuling frå SørVest gjorde at eg og far min valgte å gå innom Strøno, forbi Vedholmen og gjennom Bårdsundet. Lenge sidan me har vore i Bårdsundet. Me kjem ikkje under brua med seilbåten så dermed vert dette veldig utanfor allfarvei for oss no, men kjekt å vere på gamle trakter, her var eg mykje i ungdomen med min Askeladden 14, med 9,9:)

Vel, me fekk no testa båten bra i Korsfjorden og over frå Halhjem til Bårdsundet, det heile verkar bunnsolid og skikkelig! Litt harde slag blir det i hissige bølger, men sleppe ein ned farten til 11-12 knop skal det mykje til før det vert ubehageleg!

No er det ikkje slik at me har konvertert, nei, me snakkar om svigers i Nord-Norge sin draumebåt! Ein ekte vestlandsbåt, NB 820 Sport. Eg har ikkje vore så veldig uvillig når svigers i Nord-Norge no har vore på båtjakt og det var jo heilt greit at draumebåten dukka opp her hos oss:)

No skal båten ligge på Eldøyane i 2 veker før den vert sett på fraktebåt nordover. I mellomtida skal eg montere kalesje på båten, det skal bli interessant, men eg fekk det no til på seilbåten og med kr. 4.500,- i spart monteringskostnad samt at det ville blitt upraktisk å få levert båten til kalesjemontør i Bergen tar eg sjansen på det prosjektet så får me berre håpe at kalesjen kjem i tide!

Veldig kjekk båt dette, fin marsjfart på 15-17 knop med behageleg støynivå og imponerande plassforhold både ute og inne! Me gler oss til fisketurar på Lofothavet med denne doningen!

søndag 23. oktober 2011

Seilas for TV-Aksjonen!


Foto: Trond Taraldsøy


Foto: Turid Bjordal


Foto: Turid Bjordal


Foto: Trond Taraldsøy


I år som i fjor, la me ut bøyar og seilte baneseilas etter Gundermetoden der deltakarkontingenten går til TV-aksjonen. Friske forhold i dag for meg og Erik M. Altfor mykje seilføring frå start ødla litt for oss i dag for sjølv om det i periodar nok gav litt ekstra fart tapte me mykje på harde rorutslag og broachar. Det trengs eit stykke arbeid for å kunne seile med reva fokk på FRI, det fungar ikkje i dag. Det er håplaust å rulle inn i sterk vind og skjøtepunktet kan ikkje flyttast etter og dermed blir det en veldig bus i fokka når ein byrjar å rulle inn. Rev 2 derimot burde me absolutt satt i. Uansett, knallkjekt, Gundermetoden er undervurdert syns eg, høgdepunktet kom rett før mål då me endelig klarte å ta igjen Øystein i Tind og sneik til oss 5 plassen:)

søndag 9. oktober 2011

Wärtsilä Windjammer Race 2011


Foto: Trond Taraldsøy

Årets Wärtsilä Windjammer Race vart ein suksess på alle måtar for Stord Seilforening som arrangør, flotte seilforhold og eit flott gjennomført arrangement. FRI stilte for anledning med reint Wärtsilä mannskap og heile 4 nasjonar representert ombord med Johanna og Mika frå Finland, Gustav frå Sverige og Dontao frå Venezuela.


Foto: Trond Taraldsøy

Det å seile og snakke engelsk er ingen enkel kunst og her ser ein altså kor gale det kan gå! Takk skal du ha Trond for at du fekk dette på linsa di:) hahah...


Foto: Trond Taraldsøy

Kan det bli flottare enn dette???

Me hadde uansett sisteplass i klassen ein flott tur på sjøen, lærdommen er at her må ein gjere ein jobb ifht strømforholda, for me seilte oss totalt bort frå Illholmane og inn, men god stemning ombord heile vegen med kaffi i koppen og ein særs laidback kaptein i motsetning til vanlig! E du sponsor båt så e du sponsorbåt! Mannskap kunne ikkje nok gonger få fortalt kor fantastisk landskapet er her og den utrulig kontrasten mellom ypperlege seilforhold samtidig som ein kunne sjø nysnø i fjella!

torsdag 6. oktober 2011

Svigerstur!

Svigers fra Nord kom på besøk og hadde med seg eit fantastisk ver, T-shjorteseilas i oktober er til å klype seg i armen av... Tenkt at Windjammer egentlig skulle gått denne laurdagen. No går det mot meir tradisjonelt Windjammer ver kommande laurdag, knall. Fantastisk påmelding med nesten 48 båtar til no:)