søndag 30. oktober 2011

Motorbåt!

Ja, i dag var dagen komen for ny båthenting. Draumenbåten dukka opp på Bjorøy og i dag var altså tida komen for å få vidunderet av ein motorbåt "heim", til Eldøyane!
Ein frisk bris til liten kuling frå SørVest gjorde at eg og far min valgte å gå innom Strøno, forbi Vedholmen og gjennom Bårdsundet. Lenge sidan me har vore i Bårdsundet. Me kjem ikkje under brua med seilbåten så dermed vert dette veldig utanfor allfarvei for oss no, men kjekt å vere på gamle trakter, her var eg mykje i ungdomen med min Askeladden 14, med 9,9:)

Vel, me fekk no testa båten bra i Korsfjorden og over frå Halhjem til Bårdsundet, det heile verkar bunnsolid og skikkelig! Litt harde slag blir det i hissige bølger, men sleppe ein ned farten til 11-12 knop skal det mykje til før det vert ubehageleg!

No er det ikkje slik at me har konvertert, nei, me snakkar om svigers i Nord-Norge sin draumebåt! Ein ekte vestlandsbåt, NB 820 Sport. Eg har ikkje vore så veldig uvillig når svigers i Nord-Norge no har vore på båtjakt og det var jo heilt greit at draumebåten dukka opp her hos oss:)

No skal båten ligge på Eldøyane i 2 veker før den vert sett på fraktebåt nordover. I mellomtida skal eg montere kalesje på båten, det skal bli interessant, men eg fekk det no til på seilbåten og med kr. 4.500,- i spart monteringskostnad samt at det ville blitt upraktisk å få levert båten til kalesjemontør i Bergen tar eg sjansen på det prosjektet så får me berre håpe at kalesjen kjem i tide!

Veldig kjekk båt dette, fin marsjfart på 15-17 knop med behageleg støynivå og imponerande plassforhold både ute og inne! Me gler oss til fisketurar på Lofothavet med denne doningen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar