lørdag 31. mars 2012

Første forsøk...

I dag hadde me leigd lift med eit lite håp om å få montert akterstagløftar, flytta radarreflektor, få orden på lanterna midt på masta, lagt opp eit ekstra fall og montere ny windex og skifta ut den forb... vindfløyen til nesten 4000 spenn!

Vel, det er liten plass i toppen av masta og mykje leamikk som skal på plass. Planen om å flytte topplanterna for å få plass til akterstakløftaren gjekk i vasken, lanterna står bomfast og egentlig er ikkje det noko god plan uansett så me vart fort enig om at her må det til lett modifisering. Planen er no å få laga ei alu.plate som me monterer bak lanterna for å få nok anleggsflate til å montere akterstagløfteren samtidig som me lagar ein liten 2. etasje til windexen...

No fekk eg heller ikkje den nye vindfløyen for den hadde ProNav eller Bergen Maritim Elektro AS gløymt å sende. Ganske irriterande når dei på tru og ære lovar å sende den på tirsdag sidan eg hadde avtalt leige av lift på lørdagen. No vart det ikkje så avgjerande sidan me uansett må leige lift ein gong til...

Litt fekk me likevel gjort, nytt fall er trekt, radarreflektor flytta, lanterne fiksa, windex montert og sjølvsagt er det tatt mål og bilder av toppen slik at det me no skulle få til dette ganske greit neste gong...


Trangt om saligheten allerede før akterstagløfteren er på...

Topp down...

Det skal være min 10 cm mellom to slike beslag, det er det
ikkje plass til uten å lage til ei plate som me monterer på
toppen her og forlenger litt akterover...

Papen må være med på det meste...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar