lørdag 17. mars 2012

Sesongstart med nye seil!

Seila kom fredag så lørdag gjekk "burkaen" av med stor iver og etter nokre timar var det klart for årets fyrste tur. Litt fort gjekk det og det skulle eg få angre på ganske raskt. Sidan eg var åleine var det det test av rullegennakeren som stod på programmet. Gennakere kom urulla og måtte settast på vanleg måte fyrste gongen så eg gjekk over til Tittelsnes for å få lett vind å teste i. Seilet såg veldig bra ut, men kom ned så altfor fort, etter nokre minutt kom det litt vindtrykk og antakelig gav den svikaktige hurtigkoblinga på fallet etter igjen, og vips kom seilet ned og vart liggende som eit slips ved sida av båten... Det gjekk greit å få det opp sjølv om eg var åleine, men den koblinga skal på havets botn ein gong for alle! Sist trudde eg det var meg som ikkje hadde passa på at det var skikkelig igjen... Seilet er heldigvis like heilt, men fallet er no i toppen saman med den svikefulle...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar