lørdag 12. mai 2012
Skruing...
Det har blitt mykje skruing i år og når ting byrjar å komme seg kjem det sjølvsagt nye ting på lista. Etter at ny Spinlock til rulla var montert (endelig) og kjøleveksa skifta var det tid for å montere rev 3. Her vert det litt c-moment fordi det ikkje er nok blokker ved mastefoten så to fiolinblokker er kjøpt inn, det ser ut til å fungere greit. Viktig å fordele slik at ikkje to tau strammer samtidig i fiolinblokka.
MEN så viser det seg at alle dei 10 blokkene ved mastefoten er ødelagt. Lagera er gått til dunders. Lewmar, elendige greier. No står hjula og slarker alvorlig mykje i blokka og kiler seg ved belastning så ikkje rart det har vore vanskelig å opp storseilet, stramme fokka etc... Vel, berre å knuse enda ein sparegris...
Det gjer vondt å herje med innredningen, men det må til for å få på plass SpinLocken... Veldig kjekt å ga arbeidsfolk med. Amund holdt igjen inne medan eg stramma ute:)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar