tirsdag 19. juni 2012

Tirsdagsseilas!



Endelig tid til ein tirsdagseilas igjen, etter at eg ikkje har vore med dei siste 4 tirsdagane!

Kjempeflott vèr, lett bris frå sør-vest og artig løp under bruene!

Prøvde meg åleine i dag, det vart mange personlige feil, rullegennaker trøbbel, redningsvesten hengte seg fast i akterstaget og blåste seg opp (aldri skjedd før), ja det vart ein slik dag, men deilig å vera utpå igjen etter ein hektisk periode med lite seiling...

Seriøse problem med rullegennakeren før Bømlabruo, men eg må innsjå at det går under dårlige forberedelsar. Forrig gong vart den rulla inn slik at skjøtene og lina til rulla låg nokre omdreiningar rundt gennakeren. Når eg no drog denne i le av fokka såg eg ikkje dette før eg hadde ein solid BH. Godt gjort å få BH på ein rulle gennaker, men når vinden tar tak oppe og drar ein veg og ein sjølv drar nede andre vegen samtidig som liner og skjøter sett seg meir og meir fast blir det trøbbel, spes når ein er åleine. Det løyste seg med å løsne skjøtene og rullelina, men det blafra godt så dette er ikkje heilt lett åleine samtidig tok Cloelia meg igjen, eg som rekna med ho sku få nådestøtet når eg berre skulle rulle ut Coden..., dei tok meg igjen og gjekk forbi samtidig som dei føre forsvant... Det er jo berre trening så det gjer ingenting, men da e no litt irriterande, såpass kan eg vel innrømme, hehe... Fint driv ned til brua, men det vart litt for platt etter Stord brua, litt ubestemt på kor lågt eg skulle gå

I meir vind hadde eg måtta tatt ned heile greiene så slik sett var eg heldig.

Til no har ikkje rulla på gennakeren fungert etter forventningane, seilet er konge, men det har vore vanskelig å få rulla den inn så godt at ikkje vinden tek tak i den og drar midtre del ut ein liten meter og når det skjer må du enten rulle meir slik at skjøtene ligg mange omdreiningar rundt gennakeren eller ta den ned, uansett blir det ikkje bra nok til å ha den ståande som jo var ein vesentlig del av poenget med denne løysinga...

MEN:

Eg fekk studert dette rullesystemet litt meir i havn i går og ser at eit problem er at seilet har eit kraftig og dermed veldig stivt feste til fallet, når ein byrjar å rulle rullar den fint nede, men oppe treff forsterkninga i masta eller forstaget og dermed stoppar rullinga oppe, ein rullar mange omdreiningar nede før presset blir så stort oppe at den byrjar å rulle der. Dette er antakelig hovudproblemet med at den ikkje rullar som forventa, seilet er fortsatt veldig stivt så med litt masasje her og ellers litt hard bruk over tid vil nok dette bli betre...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar